Interessant onsdagssending

Share

Eg fekk ikkje med meg alt i kveldens sending i Valle Radio, men eg fekk høyre siste del av Gunnar Stubseid sitt interesante kåseri om hardingfeler. Eg har lurt på om eg skulle bruke boka hans til å skrive om hardingfeler på Setesdalswiki, I si tid lånte eg boka om Gunnar Røsstad, men den gongen var fokus til Setesdalswiki noko snevrare, så Øvrebø var ikkje nært nok. I dag hadde eg nok sett annleis på det.

Her er kveldens program:

Program onsdag 13.02.19
Ansvarleg Øyvind Jacob
Teknikar Liv Gunn Viki
Telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke
19.30 Møte med Valle sin nye bibliotekmedarbeidar Anne Kari Tinnesand (tilsett i mellombels stilling)
20.00 Øyvinds time
– Opptak av foredrag og konsert med Gunnar Stubseid i Bykle 29. januar i år, «Legendariske hardingfeler»
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad

Opi sending var litt annleis enn vanleg, Jorunn hadde laga både rebusar og quiz-spørsmål.

Vinnarane i kveld var:
Gyro Kopperud: flaxlodd,
Signe Rysstad: gåvekort Coop 250,-
Kristian Thaule: gåvekort Joker 250,-
Tora Åkre Lund: flaxlodd

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *