Morsdag

Share

I dag var det morsdag og telefonane kom frå barn i aust. Alle våre barn har busett seg langt frå oss, Brevik, Oslo, Nittedal og Valderøy. Dermed er det fjernkontakt som gjeld, og vi fekk nokre fine samtalar.

Vi gamle har ingen å ringe til, våre foreldre er gått bort for mange år sidan, men for min del saknar eg å kunne ta ein telefon til mor på Ålgård og sludre litt om laust og fast. No er det snart fem år sidan ho døydde.

I feeden på facebook har  det dukka opp mange markeringar av morsdag. Morsdagshelsingar med blomekort og bilete er jo hyggeleg å få, akkurat som alle gratulasjonane som kjem til bursdagar.

Reidun var ein tur til naboen i bursdag i dag, Jean var 75 år. Ho gler seg nok over at snøen minkar her i strandkanten, for ho er glad i hagearbeid, men har nok same synet på snø som eg har, han høver best på fjellet, der folk som likar snø kan oppsøke han om dei vil.

Sjølv tok eg dagen med ro og putla litt med å skrive litt på Setesdalswiki. Mellom anna kom det ein artikkel om organisisasjonen La Naturen Leve, som er sterke motstandarar av vindkraft og som står bak fleire lesarinnlegg i Setesdølen.

Og så var det snooker på tv, det er ein sport der heiarop er forbudt under kampane, så vi slepp så mykje ekstra lyd som det er når til dømes Vipers taper for Györ.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *