Om snøskred og litt til

Share

I gårsdagens sending var politibetjent Dag Hovden med for å oppdatere oss på skred og sikring når ein er ute på scooter eller skitur. Han fortalde at det viktigaste ein kan ha med seg, er ein radiosendar som kan hjelpe folk til å finne ein som er tatt av skred. I verste fall har ein kan hende bare eit kvarter før kompakt snø har gjort at lufta er brukt opp, om ein ikkje er blant halvparten som får store fysiske skader og døyr av desse.

I Valle har Valle Sport hatt slikt utstyr til salgs, han meinte at ein slik pakke kom opp i fire-fem tusen, det kan høyrast mykje ut, men når ulukka er ute, er det billeg livsforsikring, trass alt.

Politiet samarbeider med brann og redningsetaten i kommunen om det skulle gå skred. Og så har ein hundeførar som kan vere til god hjelp i tillegg til frivillige. Før var det vanleg med søkestenger, men då må det vere svært mange folk om jobben skal bli god.

Fare for skred varierer frå dag til dag, nokre gonger frå time til time, så det er viktig å vere føre var. Grunnen til det er at snøen dannar ulike skikt når det er temperatursvingningar, og det er det jo gjennom heile vinteren. Når det så kjem tyngde på snøen, som ein scooter, så kan dei ulike skikta sleppe taket, og så får vi flakskred, slik som i den tragiske ulukka i Åseral siste helga.

I tillegg til han snakka eg med eigedomsmegleren hos Sørmegleren på Evje, Jan Terje Halvorsen, Evjegutt med Risørdialekt som no har kome tilbake til Evje. Han har heile Setesdal som område og hjelper med råd og rettleiing om ein skal selje eller kjøpe eigedom.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *