Snooker i nytt format

Share

Som mange av dykk som les bloggen min veit, likar eg å sjå snooker på tv. Ikkje minst er det triveleg fordi det er ein sport som er temmeleg stille, utan hoisting og applaus og heller ikkje har den særleg høgmælte kommentatorar. Slik sett er det heilt ulikt mange andre sportssendingar på tv, der både kommentator og publikum gjer at ein skrur av lyden når det vert for ille.

Men denne helga har eg fått med meg ei turnering på Eurosport som heiter Snooker Shoot Out. Den gjekk føre seg nord i London og det var plass til eit par tusen tilskodarar. Og så var det lov til å hoiste og ta bølgen og alt slikt som elles er ulovleg for publikum.

Kvart parti varte 10 minutt, den som vann, gjekk vidare, og det var ingen seeding, men villkårleg trekking av motstandar. For Eurosport sine reklamefolk måtte det vere paradis, ny reklamepause kvart tiande minutt. Men som underhaldning på tv har det vore strålande.

Og vinnaren vart den som er kjent som verdas raskaste spelar: Un-Nooh frå Thailand. Han hadde aldri vunne ei rankingturnering før, så det var vel unt.

Denne type turnering er det visstnok bare ei av i året. Det er første gongen ho vart sendt på tv. Så får vi sjå om det vert fleire slike turneringar med tida.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *