Takk for i kveld

Share

Mi februarsending er over og eg er rimeleg godt nøgd. Eg hadde med meg Dagfinn Tharaldsen i Kommunen informerer, og han var eit nytt namn for meg, akkurat som eg var for han. Teknisk sjef, men også næringssjef i Valle kommune, han vekependlar frå Horten til Valle og har gjort det i eit halvt år no, han starta i september i jobben sin.

Vi snakka jo ein del om han, han hadde arbeidd mest heile livet i offentleg sektor, både for fylke og kommunar, så det området kjente han godt. Men etter eit halvt år i Valle var det jo framleis mykje å sette seg inn i og folketalsutviklinga heng jo saman med at folk kan få jobb, Kommunen kan legge til rette for areal til næring, men gründeren må kome frå privat sektor, og det betyr at nokon må sjå ein marknad og eit potensiale i å starte ei verksemd, streka han under. Landbruksssaker høyrde ikkje inn under hans område, der samarbeider Valle kommune med Evje og Hornnes kommune.

I sommarhalvåret er han ein ivrig fluefiskar, men ikkje for matauk, han fiskar etter aure og set han ut att.

Kveldens første halvtime gjekk greitt, men då eg skulle på lufta i Aktuell time, fall telefonlinja ut. Det er ikkje så stort problem når Ørnulf Hasla er teknikar, han tok over og snakka med Margit Dale om passkontoret som skal leggjast ned og at ho hadde teke initiativ for å protestere, sjølv om det kom seint, for vedtaket var gjort før jul. I dag fekk ho også med seg Setesdal Regionråd etter initiativ frå Jon Rolf Næss, slik at det gjekk ein felles uttale til justisministeren med kopi til departement og politisjef i saka.

Då eg fekk liv i linja att, kunne eg fullføre samtalen med Margit med å snakke litt om Nordibø Landhandel. Der tek ho sikte på å opne sist i mars, og Lars Rysstad Nordgren er tilsett som dagleg leiar. Så arbeider dei med å finne kokk og målet er å vere i gang til påske.

Resten av kveldens program skal eg kome tilbake til i morgon.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *