Turrenn på Agder

Share

I fredagens Fædrelandsvennen var det eit oversyn over turrenn på Agder. I artikkelen fortel Åge Harald Drangsholt at det går nedover med slike arrangement. Lista har åtte løp som framleis går og ni løp som er nedlagde. Sjølv om mange av løpa ikkje er i Setesdal, tenkte eg at det kunne vere interessant å lage små artiklar om dei.

Det var ikkje lett å finne stoff, så framleis er det røde lenker. Eg har heller ikkje prioritert å skrive om arrangørane, det får kome seinare. Men eg har overraska meg sjølv, for dette var nok eit tema eg ikkje var særleg interessert i. Men det er rart kva ein kan finne når ein googlar, så smått om senn er nå dei fleste lenkene blå.

Men Oddersjaarennet har vore vanskeleg å plassere. Eg finn at dei siste åra har det vore arrangert på Hovden, men det har også vore på Bortelid og på Sandrip. Så kor eg skal plassere det i tabellen har eg ikkje bestemt ennå. Her er lista, Drivheia rundt, Myraneløpet, Oddersjaarennet og Sirdal skimaraton er framleis tome:

Turrenn på Agder er ei liste over turrenn på Agder. I tabellen er det med arrangør og eller stad.

Namn Stad Arrangør Første Siste
Bruskelandsløpet Marnardal Marnardal IL
Drivheia rundt Gjerstad Gjerstad IL 2006
Fjellmannsløpet Vegårshei Dristug 1936
Heiløpet Vegårshei
Hekkfjellrennet Eiken 2016 (avlyst)
Himmelsynaløpet Vegusdal Otra ILIL Gry 1962 1999
HovdenTour Hovden Hovden Sportsklubb 2012
Høvringen Høgås skianlegg Otra IL 1937
Kallingsheiløpet Åmli Dølemo ILGjøvdal IL 1955 1980
Myraneløpet Bjelland
Oddersjaarennet
Røyknesløpet Øvrebø
Sesilåmi Valle Valle ILBygland ILSirdal IL 1976
Sirdal skimaraton Sirdal Gjesdal IL 2012
Staveneslåmi Bykle Bykle IL
Støyledalslåmi Bykle Bykle IL
Toplandsheia rundt Herefoss Herefoss IL
Vardeløpet Vennesla Vindbjart

Kjelder

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *