Vindkraft

Share

Debatten har blåst godt i avisene den siste tida, også i Setesdølen. Bør vi bygge ut vindkraft? Grunneigarar som blir med på utbygging, blir lova årlege inntekter. Slike avtalar er fristande. Men av og til lurer eg på om dei held vatn.

Om ein går inn for vindkraft på eigedomen, blir det nokre gigantmaster som kjem opp der det før bare har vore vindsus. No blir det bytta ut med turbinar om sviv i vinden og genererer straum som kan seljast til utlandet. Norge blir Europas grøne batteri,, seier dei.

Når eg kjører på Høg-Jæren, står slike turbinar og sviv i heia nær Undheim. Eg synest ikkje det ser særleg fint ut, landskapet som Arne Garborg skildra i dikt og prosa, med slike digre, svivande propellar.

Og det gjeld meg, eg som nok er eit innemenneske som sjeldan finn på å gå tur i skog og mark. Kva så med dei mange tusen som vil ut på tur? Store område blir gjort om til industriområde i praksis.

Det er vanskeleg å vege for og imot, i alle fall må det vere det for grunneigarar som kunne tene pengar på natur som elles i stor grad er unytta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *