Ettertanke

Share

I går skreiv eg om regional utvikling. I dag kom eg til å sjå på tv-programmet Det umulige landet. det handla mellom anna om korleis varer vi skal kjøpe, må fraktast lange vegar med lastebil. Då vil mange meine at regional utvikling kan bare skje ved utbygging av vegar. Det har vore mantra i Setesdal det meste av den tida eg budde der. Og sanneleg har det blitt veg i vellinga, bokstaveleg tala.

Strekning etter strekning har blitt oppgradert, fiksa på, svingar har blitt retta ut og bakkar fått jamnare stigning. Kan hende hugsar nokon korleis vegen var frå Besteland til Langeid og vidare til Tveit. Å kjøre der no er ein leik i forhold til korleis det var før, og det same opplever nok dei som leverer varer til Valle når dei køyrer Flåstrondi og kjem forbi Sandnes og Kveste.

Så vegar er viktige for regional utvikling. Varer kjem lettare fram og kunder kjem lettare til butikkar. Dermed kan dei bu i større regionar og ikkje bare i sentrale strok. Framleis må ein halde trykket oppe på riksveg 9 slik at vegen får gul stripe til Hovden og Haukeli.

Av andre faktorar som er viktige for regional utvikling kan ein kanskje nemne naturlege føresetnader. Grunnen til at Hovden veks og Bykle kyrkjebygd ikkje veks, er vel naturlege føresetnader som Hovden har for skiturisme. Dei ligg høgare enn Bykle og er meir snøsikre, og det er stor skilnad om ein samanliknar med Valle og stader lenger nede i dalen. Dei må finne andre lokale naturlege føresetnader. Og det må vere meir enn kommunale arbeidsplassar, for slike plassar er ikkje berekraftige, tenkjer eg. Det same gjeld Bygland. Dei har etablert selskapet Setesdal Vekst, men kva som kjem der, er det ikkje godt å seie.

På Evje hadde dei lenge Evjemoen som tung aktør i bygda. Men så vart den nedlagd, og då måtte dei finne si eiga form for å skape utvikling. Det vart handel, smått om senn er det bygd opp eit handelsmiljø som gjer at folk kjem frå heile regionen for å handle på Evje. Slik er dei med på regional utvikling. Handel og turisme er slik sett viktige faktorar for regional utvikling i Setesdal. Men det må meir til. Eg lurer på kva som kan kome i framtida.

 

Regional utvikling

Share

Komande onsdag skal eg ha med meg James Karlsen i Valle Radio. Vi skal snakke om regional utvikling. Det er eit tema som eg lurer på, og James veit truleg svaret.

For å få til regional utvikling, må ein vite kva ein vil, tenkjer eg. Ein må ha eit mål og arbeide mot det. I vårt politiske system er det kan hende ikkje alltid like lett å bli samde om kva ein vil, dei politiske partia har sjølv i små kommunar, litt ulikt syn på kva dei vil og korleis dei skal kome til målet.

Ta til dømes folketalsutviklinga. Der sa Erna i nyårstalen at ein måtte gjere noko. Men kva skal ein gjere. Ein kan jo ikkje lage folk slik utan vidare, i alle fall vil det ta mange år og stor innsats før ein ser resultat av barnefødslar.

Så kan ein ta imot flykningar. No er det visst slutt på at kommunar med under 5000 menneske får ta imot flyktningar, så ingen kommunar i Setesdal når den grensa. Dermed får ein ikkje opp folketalet på den måten heller.

Det som fører til at folk flytter på seg, er som regel arbeid. Får du arbeid, flytter du til den staden jobben er, i alle fall etter kvart, det kan jo vere naudsynt med ein pendlarperiode. Difor trur eg at det viktigaste for folketalsutviklinga er arbeidsplassar.

Men dei kjem ikkje av seg sjølv. Det må finnast nokon som vil etablere arbeidsplassar. Då kan det bli regional utvikling.

Men eg lurer på om det er andre faktorar som spelar inn. Eg googla omgrepet litt, men det eg fann på den måten, var ikkje lett å bli klok på, så eg gleder meg til onsdag, då vil eg kanskje bli litt klokare.

Rydding gav artikkel

Share

I eit forsøk på å rydde litt i gamle papir, dukka det opp ein rapport frå Ungdomsprosjektet 2005. Det var VAFA som hadde dette prosjektet og eg hugsar at eg hadde Torjus Uppstad på besøk i Valle Radio for å fortelje om dette. I samband med dette må eg ha fått både rapporten og andre papir som handla om VAFA sitt arbeid.

Dette var jo lenge sidan, lenge før Setesdalswiki var påtenkt, men likevel hadde eg teke vare på papira. I rapporten var det informasjon om vatn som det var blitt fiska i. og dermed fann eg stoff som etter kvart kan kome med i artiklar om dei aktuelle vatna. Vi har jo som mål å få artiklar om alt mogleg, og vatn i Valle er alt ein kategori. Oftast blir det bare litt informasjon som seier noko om kor vatnet ligg, kan hende kor høgt over havet, men her er det jo meir stoff. Så det blir moro å få det på plass etter kvart.

Men først må eg få orden på vatnet i skrotten min. Det blir sagt at mennesket består av 90 prosent vatn eller noko slikt. A-magasinet hadde ein artikkel for nokre veker sidan der det stod at vi hadde 54 ulike kroppsvæsker. For tida er det ein overproduksjon av snørr, det er så eg ikkje torer bøye meg fram over tastaturet i frykt for at det skal drype. Så dagen i dag har eg halde senga det meste av tida, dei seier at ein kan sove det av seg. Så no prøver eg att. God natt!

Avbestilling

Share

Eg er medlem av Bokklubben, men huset er fullt av bøker, så når medlemsbladet kjem, er det bare ei påminning om avbestilling. Som oftast gjer eg det med det same, men av og til gløymer eg det, og då får eg ei hyggeleg overrasking på epost: Harald, boken er nå på vei til deg. Då er det for seint å avbestille.

Reidun er med i Hobbybokklubben. Dei har same opplegget, og i dag kom bladet med informasjon om ei strikkebok, Tradisjonsstrikk, trur eg det var.

-No har eg visst nok strikkebøker, sa ho. Truleg har ho rett, men eg meinte at vi kunne kaste nokre av mine bøker, slik at ho i alle fall fekk plass i bokhylla om ho ville ha den. Kva ho valde å gjere, veit eg ikkje.

Når ein er med i ein bokklubb, er truleg avbestilling det viktigaste ein må hugse på om ikkje bokhyllene skal bli overbelasta. Framleis har eg ikkje fått lese alle dei fem bøkene eg fekk til jol, det var store verk som det tek tid å kome gjennom. Men vona er der jo.

For jolegåvebøker kan jo ikkje avbestillast.

Men i vår har eg i staden bestilt bøker, og det burde eg nok vere flinkare til. Når eg finn ei bok eg treng, så kunne eg jo bestille den. Eg har gått lenge og lurt på om eg skulle skaffe meg boka om Setesdal Spelemannslag 50 år. Men til no har eg ikkje bestilt den. Eg har ikkje avbestilt den, den står på ønskelista, så om du har den og vil sende meg ein gave, vil eg kanskje ikkje trenge bestille den heller. Eg trur det står ein del om spelemenn i den, og det kunne vere godt for å få på plass fleire spelemenn i Setesdalswiki.

Kort møte

Share

Sjølv om det bare er eit halvt år til kommunevalet, varer ikkje møta i Valle kommunestyre lenge. I dag var det over på 75 minutt. Då hadde nærare halvtimen gått til orientering om helsesamarbeidet med Bykle. Kommuneoverlege Hallvard Mosdøl skulle også orientert, men han vart kalla ut på oppdrag og rakk ikkje tilbake før møtet var slutt, så ordføraren meinte at helsetenesta måtte love at ingen var sjuke under aprilmøtet, slik at han kunne møte då.

I kveld var det heller ingen førespurnader, så då var det bare å banke saklista. Det meste gjekk samrøystes, men saka om avtale mellom kommunen og fylkeskommunen for 2019 fekk litt ekstra tid då Sissel Åkre hadde mange innspel til den saka. Dei fleste vart vedtekne, nokre med litt ulikt fleirtal, men då alle var banka gjennom og saka kom opp til slutt, var også den samrøystes.

Etter det eg fekk med meg hadde ingen tenkt å nytte talarstolen til litt valkamp. Innlegga var saklege og korte, så då gjekk handsaminga unna.

I møtet fekk kommunestyret også ei orientering om utgreiinga som var gjort i høve utleige av kjellaretasjen til Joker Valle. Den skulle rådmannen ta med til Andersen Kolonial for drøfting vidare, men etter det eg skjøna var det bare spørsmål om ventilasjonsanlegget, som truleg må oppgradereast for å kunne tene som ventilasjonsanlegg for ein daglegvarebutikk. Det blir spennande å sjå om også Joker flytter ut frå sentrumsgata, då blir det ganske tomt i den gata.

Sørlandets Litteraturpris

Share

i kveldens sending i Valle Radio hadde Siri Johannessen fått med seg Toril Kopperud frå juryen til Sørlandets Litteraturpris om årets bokvalg og stemme-muligheter.

Det var eit svært interessant innslag, for Toril Kopperud var ein entusiastisk formidlar av korleis 112 bøker var blitt til 3 innan skjønnlitteratur og 3 innan sakprosa. Deretter gjekk ho gjennom dei ulike bøkene og vi fekk lyst til å lese alle, kan hende med unntak av diktsamlinga i skjønnlitteratur-kategorien. Men boka til Tore Kvæven og boka om Ola Tiltak verka svært interessante.

Om ein skal stemme, må ein jo lese bøkene, og når fristen er natt til 1. april, så er det kan hende litt kort frist. Men det er jo min eigen feil, som ikkje alt har lest noko av alt det som kom ut på Sørlandet i år. Kriteria for å verte nominert er at forfattaren må ha tilknytning til Agder, anten vere fødd eller bu her. At så mange som 112 bøker stemte med kriteria i fjor, tyder på at skrivekløe framleis finst i regionen.

I kveldens Postludium fekk vi høyre eit flott verk av Ove Kristian Sundberg. I tillegg hadde Siri ein fin introduksjon om organisten og komponisten som døydde tidlegare i vinter. Dette har ho lagt ut på Setesdalswiki, slik at du kan lese det. Der finn du også heile spelelista til musikken i løpet av kvelden. Den fekk eg ikkje med meg, for dagen i dag har eg stort sett vore i senga og prøvd å sove av meg ei forkjøling med snue i uhorvelege mengder. Det har gått å få sove, men å skrive blogg medan snørret renn og unngå at datamaskina bilr snørrat, det er ganske vanskeleg, så eg tek kvelden.

Tysdagssending i Valle Radio 20190326

Eit drama

Share

Denne helga var vi vitne til eit drama med vellukka slutt. At eit cruiseskip med langt over tusen personar ombord kjem i havsnaud og treng evakuering skjer heldigvis ikkje kvar dag. Men etter ein vellukka redningsoperasjon er det jo grunn til å tenkje litt ekstra etter om kor ille det kunne ha gått.

Vi snakka med Sigmund på Valderøy i laurdag, og då sa han at i løpet av dagen hadde det vore heile spekteret av ver, snø, hagl, sludd, regn, overskya, sol. Men det hadde vore så mykje vind at dei hadde halde seg inne, og dei såg på båten mellom Ålesund og Valderøy at det var ruskut på havet.

Vi sat på fredelege Sørlandet, der det nok var litt vind, men for ingenting å rekne mot uveret på Vestlandet. Og så kunne vi sjå helikoptera der folk vart heiste opp, ein og ein. Då det vart mørkt, heldt dei likevel fram, og då vi vakna, var nesten 500 blitt heist opp, ein og ein. Å henge dinglande i wire i full storm under eit helikopter, det er ei oppleving for livet. Men utruleg nok, det gjekk godt til slutt. rett nok var det ein del som måtte på sjukehus etterpå, det skulle bare mangle. Men vi ser på tv at passasjerane er svært takknemlege og imponerte over innsatsen til både profesjonelle og frivillige i løpet av døgeret det heile føregjekk.

Det tankevekkjande i denne smanheng er jo at det også kunne skjedd ei slik ulukke langt mot nord, nokre av desse skipa går til Svalbard. Då hadde det ikkje vore så lett å kome til unnsetning. Heller ikkje hadde det vore eit så stort apparat til å ta imot dei som vart frakta til land. Så eg meiner nok at ein bør setje rammer for kor store båtar som kan gå i dei mest krevande farvatna. Men det er det andre enn meg som må bestemme.

Godt var det at det enda godt for alle involverte, trass alt.

Innhaldsliste

Share

I dag fann eg ei innhaldsliste til Gamalt or Setesdal på Internett. Dermed kunne eg kopiere den og slapp å taste den inn sjølv i artikkelen på Setesdalswiki.  Det var ganske mange teikn å taste om ein skulle gjere det sjølv.

Innhaldslista syner eit stort spenn av artiklar og kan sikkert danne grunnalg for nye artiklar på Setesdalswiki etter kvart. Men dei kan jo ikkje stå aleine, for dei møter ikkje krava vi stiller til leksikonartiklar i dag. Eg las til dømes gjennom artikkelen om Peter Strømsing, det er eit namn eg kjenner frå folkemusikken. og artikkelen i gamalt or Setesdal fortel om ein Vardals-fant som kunne fela så meisterleg at få var hans like. Han fela drammeklasset til seg på bordet, ja til og med opp på skuldra så han kunne drikke medan han spelte.

Men det er interessant å finne ut meir om desse folka som tydelegvis prega livet i Setesdal i mange år, ja like til denne dag. truleg er minnet om spelemennene teke betre vare på enn minnet om haugianarane. Det skuldast ikkje minst slåttane som er tilskrive dei, i form etter Petter Strømsing, til dømes. Haugianarane hadde ikkje slike knaggar å henge minnet på.

Gamalt or Setesdal

Share

Eg siterer frå Setesdalswiki:

Gamalt or Sætesdal er eit bokverk som kom ut frå 1903 til 1916. Forfatteren Johannes Skar sitt verk dokumenterer den gamle bondekulturen i Setesdal. To av binda kom ut etter hans død, dei var det Knut Liestøl som ga ut. Verket inneheld sagn, eventyr, ordspråk, gåter, barnerim, viser, stev, leker, regler og mykje anna som forfattaren skreiv ned i møte med folk i Setesdal. Revidert utgåve kom ut i 1925 og verket vart seinare utgitt i 1961.

Det undrar meg at det ikkje er nokon artikkel om dette verket på Wikipedia eller på Lokalhistoriewiki. Vår artikkel er heller ikkje stor, så eg burde nok utvide den noko. Det er eit verk som fortener meir omtale. Men det vert ikkje i kveld, det får vente til eg har lese meir av verket. Kan hende vert det også nokre artiklar på Setesdalswiki etter kvart om folk og tilhøve som er omtalt i verket. Det er jo passert 100 år no, og det er over hunder år sidan forfattaren døydde, så verket er jo fritt.

Eit storverk er det i alle fall.

Menighetsblad

Share

Eg såg ein eller annan stad at Vegleiaren ikkje lenger kom ut, ein hadde ikkje folk til å ha det ansvaret. Det er jo trist, for Vegleiaren og andre slike menighetsblad vert lesne ganske grundig. Ein ting er lister med gudstenester framover, dei kan ein jo finne i avisa. Men slike lokale blad samlar også annan informasjon som er verd å få med seg.

Denne veka kom På kirkebakken, som er menighetsbladet her i Mandal. Her finn ein interssante artiklar om folk i kyrkjelyden både i historisk tid og no. Så eg vart sitjande og lese frå perm til perm om arbeidet med nytt kirkesenter, fasteaksjon og anna aktivitet som kyrkjelyden har.

No har kyrkjelydane i Øvre Setesdal, som jo er området Vegleiaren dekka, problem i og med at prestetenesta er basert på vikarar. Ein får jo ikkje kontinuitet på den måten. Å få ein fast prest, som også kan inspirere til å lage menighetsblad, bør jo vere første prioritet. I dagens avis ser eg at prost Gunnar Ellingsen jobbar med saka, og det er jo han som har det formelle ansvaret. Men alle gode krefter bør setjast inn både i bøn og anna arbeid for å finne ei løysing. Det kyrkjelege arbeidet i Bykle og Valle lid under mangel på folk anten dei er frivillige eller profesjonelle. No står også val på sokneråd for døra. Utan Vegleiaren får ein jo ikkje presentert arbeidet og folka som stiller til val. Så det er mange grunnar til å prøve å få i gang utgjeving av Vegleiaren att.