Avistroll

Share

I Fædrelandsvennen fredag var det ein interessant artikkel om avistroll for 200 år sidan. Det er arkivar Ragnar Tronstad på Statsarkivet i Kristiansand.

Det syner seg at avistroll, i dag ville vi kanskje heller kalla det nett-troll, ikkje er noko som kom med sosiale medier. Nei, i avisene for 200 år sidan var det mange eksempler på at ein kunne bruke sterke uttrykk. Det var til og med redaktør-godkjente tekstar, i dag er det jo mykje meir innlegg som ikkje har redaksjonell godkjenning, men som kjem i samband med at artiklar blir lagde ut på Facebook eller andre sosiale media.

Det var interessant å få eit slikt historisk perspektiv på dette. Ein kan elles ofte tru at alt var så mykje betre før. Redaktøren av Det norske Nationalblad, Hans Abel Hielm, vart til og med landsforvist for slikt. Rett nok vart dommen omgjort, men det må ha vore sterke uttrykk når ein kunne få ein så streng dom.

Mange oppsøker debattar på sosiale medier der det kan kome sterke uttrykk. Eg gjer ikkje det, eg held meg i mitt lille hjørne av Internett, jobbar med Setesdalswiki, skriv blogg,stort sett om program i Valle Radio, men av og til også om andre ting, og formidlar innlegg der til Setesdalswiki si facebookside. Det er sjeldan det kjem respons, men eg skjøner at mange les det eg skriv. Så får eg heller sjå det positive i at mine artiklar og innlegg ikkje er mat for nett-troll.