Bak kulissane

Share

Til kveldens sending i Valle Radio med meg som ansvarleg frå Mandal, vart det gjort nokre grep som ikkje kom fram i sendinga. Difor skal eg ta deg med bak kulissane.

Det starta i går, plutseleg fekk eg ein Skype-samtale frå Jørund Georg Jore. Han ville teste ut om vi kunne bruke Skype i staden for telefon til sendinga. Ikkje bare skulle han ha lyden, nei, han ville også at eg skulle sjå Aud Sunniva Fuhr som skulle vere i studio i Kommunen informerer og at ho kunne sjå meg.

Eg skjøner ikkje alt han gjer, men han fiksa det slik at etter kvart kunne vi sjå kvarandre. Men i tillegg ville han at eg skulle nytte Skype i samtalane med dei andre eg skulle snakke med. Lyden var mykje betre med Skype enn med telefon. Så i dag fiksa han også det, så kveldens sending var i stor grad basert på Skype til meg, men telefon til Ørjan Ravndal, Eirik Verås Larsen, Gunn Rita Dahle Flesjå, Kristian Magnus Kyrvestad og Runar Granheim.

Eirik fortalde at han hadde gått Sesilåmi for 25 år sidan og at han i år hadde meldt seg på att. Han skulle reise med ein gjeng på om lag 15 personar frå Flekkefjord, mellom andre ein fetter som skulle gå for første gong, og som nok helst var grunnen til at han melde seg på i år att. Gunn Rita Dahle Flesjå var i Antwerpen då vi snakka saman, ho har hytte i Sirdal og meinte alle som hadde hytte der, burde gå turen. For henne var det første gong, og ho rekna med at ho neste år skulle sette ny personleg rekord, for då ville ho nok ha trent meir enn ho hadde gjort til årets renn.

Kristian Magnus Kyrvestad gjekk Vasaloppet for 4. gong i år og skulle gå Birken neste helg. Han hadde med seg Solveig Kyrvestad, men visste ikkje om andre frå Setesdal. Men eg fekk melding frå Leonhard Jansen om at Knut Erik Paulsen også gjekk Vasaloppet i år. Det hadde vore eit hardt løp denne gongen, for det snødde og var ikkje gode spor for dei som kom bak i køen. Men han er no kome seg fram i køen, då han starta for fire år siden var nummeret noko med 15000, men no er han på 5000-talet. Første langløpet han gjekk, var Sesilåmi, den hadde han gått to gonger. I Balestrand, der han bur og arbeider som vaktmeister på Sygna vgs, er det gode tilhøve for skigåing med eit flott anlegg drive på dugnad 600 moh.

Siste innslag var ein prat med Runar Granheim. Han tok ein pause i øvinga til Kong Hanes eftf. for å fortelje om Setesdalskonferansen 2019 og oppfordre folk til å melde seg på. Svært entusiastisk, eg trur mest at han gløymde at korsongarane sat og venta på han.

Halvannan time radio, i kveld var eg helst noko utlada då eg var ferdig. Men moro å få vere med på eit nytt kapittel i arbeidet i radioen, nå også med eksternt studio på Skype.