Basar

Share

-Er det flest basarar om våren eller om hausten?

Spørsmålet kom frå rådmann Aud Sunniva Fuhr i halvtimen hennar i studio i går kveld.

-Eg hadde tenkt at det er flest om hausten, for då er det julemesser over heile dalen, svarte eg.

Men det har jo og vore tradisjon med 3. dagsbasarar i Valle. Om denne tradisjonen held seg, er eg litt usikker på.

I dag sat Reidun på Meny i Mandal i tre timar for å skrive lodd til ein basar til inntekt for det nye kyrkjesenteret her i byen. Då ho kom heim i kveldinga, var ho helst litt frustrert, for ho sat i tre timar og selde lodd for vel fem hundre kroner.

Folk går forbi, dei har ikkje kontantar. Men kjentfolk stoppar og tek lodd, men det er ikkje så mange kjentfolk som kjem forbi ein torsdag ettermiddag. Dermed går salget tregt.

Ei lita oppmuntring var det likevel:

-Eg har site slik som du, eg veit kor tregt det kan vere, så her har du nokre kroner. Ho som sa det var ikkje kjentfolk.

Hennar eksempel fekk meg til å skrive denne bloggen i kveld. Eg vil gjerne oppfordre dykk som går forbi når folk sit og sel lodd, bruk nokre kroner på å støtte lokalt frivillig arbeid til beste for eit godt formål.

I våre dagar må ein helst ha vipps for å følgje med i det kontantlause samfunn. Og då må også loddseljarane ha vipps, og har dei det, så kan ein jo ikkje skulde på at ein ikkje har kontantar. Men uansett, støtt ein god sak når du er innom butikken og møter ein loddseljar som gjev av tida si for eit godt formål.