Kva gjer eg?

Share

I dag fekk eg eit spørsmål:

Eg har fleire lange tekstar, over 100 sider, som eg har skrive sjølv. Kan eg legge dei ut på Wikipedia?

Svaret var nei, det kan du ikkje.

Grunnen til det er at Wikipedia er eit leksikon som baserer seg på stoff frå andre kjelder enn ein sjølv.

Men det har lenge vore eit behov for å kunne legge ut slike tekstar og difor har vi fått ein søsternettstad som heiter Wikibøker. Her ligg det nesten 900 tekstar som folk har skrive. Det er mest læreboktekstar. Men her kan ein legge ut ein lang tekst som ein har skrive sjølv. Når ein legg ut ein slik tekst på Wikibøker, gir ein frå seg rettane til teksten.

I tillegg er det ein søsternettstad som heiter Wikikilden, der kan ein legge ut bøker som er blitt frie. Det vil seie at forfattaren har vore død i over 70 år. Der er det nesten 5000 titlar. Du kan klikke på lenka over og sjølv sjå om det er titlar av interesse.

Sjølv har eg nok bøker der forfattaren har vore død i over 70 år. Men det er ein stor jobb å skrive av ei bok, så eg tvilar på at eg kjem til å gå i gang med det. Kan hende kunne eg skanne ei bok og slik sleppe all tastinga, men erfaringa mi med skanning er at det blir mykje korrekturlesing etterpå.

Setesdalswiki er ikkje så spesialisert som dei store wikiane, så om du har ein lang tekst du gjerne vil legge ut, og den er relatert til Setesdal, så går det sikkert greitt. Det fine med tekstar i Wikiformat er jo at ein kan lage interne lenker til andre artiklar og slik gje lesaren ekstra informasjon. Tekstane av Hallvard Eldhuset som vi har fått nyleg, har mange internlenker til andre artiklar. Slikt er jo ikkje mogleg i papiraviser. Truleg burde det vore endå fleire, for det er mange folk og stader som kunne vore lenka, men som ikkje er det enno.