Bjørn Eidsvåg

Share

I dag laga eg ein liten artikkel om Bjørn Eidsvåg på Setesdalswiki. Han kjem til Evjemoen Kino & Scene 29. mars og skal ha konsert. Ettersom Wikipedia har ein stor artikkel om den folkekjære artisten, vart vår artikkel liten, men eg laga henvisning til Wikipedia sin artikkel slik at dei som vil lese meir, kan finne stoff der.

I samband med at eg laga artikkelen, fann eg på Setesdalswiki at han hadde konsert på Hovden i 2002. Men truleg har han hatt konsertar fleire gonger i Setesdal. Det har bare ikkje kome med på Setesdalswiki, som jo ikkje har dekt hendingar i kulturlivet så godt tidlegare.

Difor lurer eg på om nokon som les bloggen kan ha informasjon om andre gonger Bjørn Eidsvåg har hatt konsert i Setesdal. Det hadde vore moro å få med i artikkelen, for Setesdalswiki har fokus på det som skjer i Setesdal. Det som skjer utanfor, der Bjørn Eidsvåg har hatt tusenvis av konsertar, kan andre dekke.

Unntaket kunne vere om du var på ein slik konsert ein stad og gjerne ville framheve den på ein eller annan måte. Då kunne ein kanskje få det med i ein artikkel. Men det er ikkje sikkert det blir leksikonstoff, kan hende er det heller noko eg kunne nemne på bloggen, om eg får informasjon som høver å ha med.

Send meg ei melding om du har noko å legge til artikkelen om Bjørn Eidsvåg. harhaugl@gmail.com