Audun Frode Ringkjøb

Share

I kveld hadde Siri Johannessen fått med seg Audun Frode Ringkjøb i Postludium.  Å få med ein pensjonert organist i programmet er ein måte å få det meir levande på, og like etter at det var slutt, fekk eg ein telefon frå Niklos K. Besteland, som ville vite kva for eit orgel Ludger Lohmann spelte på. Då kunne eg fortelje, basert på opplysningane Siri hadde på Setesdalswiki-sida om kveldens program at det var frå Gabler-orgelet i benediktinerklosteret i Weingarten, Baden-Württemberg. Niklos meinte at orgelet var frå Johann Heinrich Christian Rinck (1770-1846)  si tid og slik synte tidsrett klang i dei to stykka i programmet:

  • «Orgelkonsert i F-dur: Fløyte-konserten», fra op. 55, 5. bind nr. 8.
  • «Tema (Andante) og variasjoner i C-dur over «Heil dir im Siegerkranz»».

Audun Frode Ringkjøb har ein artikkel på Wikipedia. Det er ikkje så mange organistar som får det, men han har også komponert korsanger, orgelstykker og instrumentalverker, spesielt for trompet og orgel. Artikkelen fortel også at han er interessert i lokalhistorie, og då dette kom opp som tema i samtalen, var han mest ikkje til å stoppe. I tilknytning til intervjuet med han før Postludium i kveld, fekk vi høyre eit flott stykke på tuba:

  • Vittorio Monti: «Cardas» arrangert av Øystein Baadsvik, spilt av Øystein Baadsvik og Musica Vitae chamber orchestra dirigert av Bjørn Sagstad. Fra albumet Tuba carnival (2003).

Det er ikkje ofte ein får så flott musikk på tuba, det var noko heilt anna enn korpsmusikk-tuba, som ofte blir brukt til å markere takt.

Siri lagar fine omtalar av programma sine på Setesdalswiki. Du kan lese om heile programmet i kveld på

Tysdagssending i Valle Radio 20190312