Exodus

Share

I kveld vart eg sitjande og sjå på ein film på Viasat4HD: Exodus: Gods and Kings er en amerikansk-britisk-spansk drama/action/eventyrfilm fra 2014.

Filmen handlar om utgangen av Egypt og det som leia fram til denne og ein kan trygt kalle det dramatisk. Frå skulen hugsar vi dei ti landeplagene, det er absoulutt dramatisk å sjå korleis filmskaparen får fram hendingar vi slett ikkje tenkjer på kvar dag.

Samstundes er det hendingar som i stor grad også høyrer med i symbolspråket i Bibelen, ikkje minst hugsar vi at dåpen blir samanlikna med det som skjedde då dei kryssa Rødehavet og vart frelst frå Faraos hær, som kom etter dei.

Slik sett vart det ei fin påminning om mykje av den barnelærdom vi fekk med oss. Dei dramatiske verkemidla er sterke, men truleg var hendingane langt sterkare for dei som opplevde dei. Å tenke at dette skjedde for svært lenge sidan reduserer ikkje styrken i forteljinga.