Betre enn Spotify

Share

Det er så lettvint med Spotify, du kan høyre musikk på mobilen eller nettbrett. Slik tenkjer mange, men det er eitt problem for oss som likar å ha informasjon om det vi høyrer. Spotify leverer ikkje slik informasjon, då må ein gjerne til heftet som fylgjer med plata.

Eg har skrive på Setesdalswiki om plata Munnharpe II som Sigurd Brokke gav ut i 2015. Det vart ein artikkel same året med mange røde lenker, for eg lenka alle slåttane og tenkte at med tida vil eg nok få inspirasjon til å skrive om kvar einskild slått. Då vil det ikkje bare vere munnharpeversjonen eg får med i artikkelen, men også eventuelle andre innspelingar.

I 2015 skreiv eg så ein kort artikkel om første sporet, Frujorden, men det vart med det. Denne veka dukka plata opp att på bordet mitt, og då tenkte eg at eg kunne gå vidare og skrive om slått nr. 2, Gangar etter Torjus Odden. I heftet var det tre linjer om slåtten, ei plate med 24 spor har ikkje plass til så mykje tekst, særleg ikkje når ein også skal ha med tekst på engelsk.

Det som stod der gav grunnlag for fleire spørsmål. Vidar Lande hadde lært den av Tor O. Sandnes (1903-2000). Så mykje klokare vart eg ikkje av dette, for Tor O. Sandnes var ikkje så lett å finne noko informasjon om. Men etter kvart fekk eg nok til at eg kunne lage ein liten artikkel om han, basert på informasjon frå eidsvollsmenn.no og frå dødsannonsen i Setesdølen frå 2000.

Artikkelen om slåtten er ikkje lang, kan hende vil eg finne meir og kunne utvide den. Det er det fine med å skrive på wiki, ein kan ta med det ein har, og så kan ein halde fram når ein får meir kunnskap.

Men du som spelar slåtten på Spotify og vil ha meir informasjon, no kan du altså lese om slåtten på Setesdalswiki. Framleis veit eg lite om Torjus Odden Frøyrak, men kan hende dukkar det opp noko som gjer at eg kan få ein artikkel om han også.