Fem artiklar frå Åraksheia

Share

I kveld fullførte Knut Eldhuset på Setesdalswiki den siste av dei fem artiklane som Hallvard Eldhuset skreiv om livet på heia i Åraksbø i 1971 for Fædrelandsvennen. Det har blitt fem flotte artiklar med bilete og gode forklaringar i tillegg.

Å få slike fine artiklar fram i lyset gjennom publisering på Setesdalswiki kan kanskje vere fleire som lurer på om dei kan gjere. Då er svaret at det kan dei, for å skrive på Setesdalswiki må ein registrere seg, og så er det bare å sette i gang. Vi har plass til mange slags artiklar relatert til Setesdal, både dei reint leksikalske og dei meir forteljande.

Artiklar fell i det fri når det er 70 år sidan forfattaren er død, så kanskje kunne vi finne andre litt eldre artiklar å legge ut også. Med desse artiklane vi har fått no, har vi fått meir innblikk i natur og heieliv slik folk levde for ein del år tilbake. No fartar folk på snøscooter i dei same heiane, slitet er nok mindre, men naturopplevinga får dei kan hende like gode, sjølv om kampen mot naturkreftene ikkje førast på same måte.

Kan hende er det råd å lage fleire artiklar ut frå dei fem artiklane, slik at vi også får artiklar om fleire stader og folk. Det får kome etter kvart, no gleder vi oss over fine tekstar.