Vesle vitet strekk ikkje til

Share

Av og til strekk ikkje vesle vitet til. I dag følte eg det slik då eg prøvde å finne ut noko om futar i Setesdal. Setesdalswiki har ein artikkel om Thomas Bryn, han var endåtil eidsvollsmann, men var også sorenskriver i Østre Råbyggelag. Mange andre har vore sorenskrivarar. Problemet mitt var at eg gjerne ville lage ei liste over desse, men då skulle ho helst vere litt kronologisk, og det fann eg ikkje ut av. Mange var her også i kortare tid før dei fann vegen til feitare embete, eller kva det no var som lokka. Kan hende var det helst det å kome nær til familie og venner, ikkje så mange av dei var frå regionen i utgangspunktet.

Så eg gav meg på den oppgåva og gjekk over til å sjå på tv i staden. Der er det jo sport nok for ei levetid i løpet av ein sundag, Eg fekk med meg skirenn, skiskyting, hopprenn, sykling og snooker. Men eg er ingen aktiv tilskodar, det går inn det eine auge og ut det andre.

Eg burde nok heller gjort som søster Jorunn sa, funne meg ei bok og blitt litt opplyst i det vesle vitet. Som eg har skrive før, har det i lang tid blitt oppslagsbøker, eg les for å kunne skrive artiklar. Kan hende burde eg gje plass til litt anna litteratur.

Dagen var elles av det vindfulle slaget. Alt frå eg stod opp piska regnet på rutene, og det heldt i grunnen fram det meste av dagen, sjølv om det var pausar innimellom. Ein pause var medan eg skulle få med meg litt sport på TV, då skein sola så sterkt at det var lite ein såg på skjermen.

Så no ser eg fram til at vinden stilnar og vintersporten tek slutt, så kan hende at eg får fylle på litt med ei bok eller to.