Johannes Skar

Share

I dag oppdaga eg at vår artikkel om Johannes Skar bare var ei omdirigering til Wikipedia sin artikkel om han. Vi har gjort det nokre gonger, men etter kvart har eg heller valt å skrive artikkel og prøvd å vinkle på kva som gjer at vedkomande har relasjon til Setesdal. Då vert jo artikkelen heil annleis enn på Wikipedia, som har nasjonalt sikte og ikkje lokalt.

I dette tilfellet tok eg utgangspunkt i artikkelen på Lokalhistoriewiki. Dermed vart det ein artikkel på Setesdalswiki, no blir ein ikkje sendt ut av Setesdalswiki om ein klikkar på lenka. Etter kvart vil det kanskje kome meir stoff i artikkelen, det får tida vise.

Johannes Skar var folkeminnesamlar og bøkene hans Gamalt or Setesdal kom ut i åtte band. Mange har dei nok ståande i bokhylla, det har eg og. Men der har dei stått godt lenge. No har eg teke fram den første og begynt å lese litt. Så får eg sjå kor langt eg kjem.

I dag skreiv eg også ein liten artikkel om HovdenTour 2019. Den var basert på referatet i Fædrelandsvennen i dag. Eg ser også at Geir har begynt å skrive om Sesilåmi. Han har planar om å ha artiklar år for år. Så det er nok å ta av, det rennet starta i 1976.

Men så var det å ha skrive-glød, då. Den kjem og går, ikkje alltid er den like sterk. Då blir det få redigeringar på Siste endringer den aktuelle dagen. Ein slik dag var det i dag. Kan hende blir det betre i morgon.