Stor spennvidde

Share

I kveldens sending i Valle Radio hadde Siri Johannessen fått med seg desse postane i Aktuell time:

Det var interessante samtalar kvar på sitt vis. Men eg lurer nok på om det blir liste for Pensjonistpartiet i Valle, dei som ville stå på lista kunne ta kontakt med Ingebjørg. Mitt inntrykk er at det ikkje er så mange som vil stå på politiske lister no om dagen, så om ho får mange telefonar, tvilar eg på. Ho trong 7 namn, dei trong ikkje vere pensjonistar, men dei måtte stå på partiet sitt program. Då Ingebjørg Godskesen var i Valle for å oppmuntre til å lage ei slik liste, kom det ingen til Sæbyggjen for å treffe dei to Ingebjørgene.

Gaute Molaug fortalde mellom anna om avtrykk.no, bloggen som i dag hadde eit oppslag om at sal av fiskekort skulle trekke turistar til Setesdal. Bloggen var interessant lesning, og innslaget med Gaute Molaug var også interessant, Aust-Agder Museum og Arkiv har tusenvis av dokument om alt mellom himmel og jord i fylket vårt og prøver å formidle litt av det gjenom bloggen og på andre måtar. Men han visste ikkje kva som ville skje etter fylkessamanslåinga, i alle fall ville han ikkje seie noko om det. At det har konsekvensar, er likevel heilt sikkert, i dag var det eit innslag på TV om jobben som Statens Kartverk har i samband med fylkessamanslåinga, det var millionar av postar i deira system som måtte oppdaterast.

Innslaget om Fasteaksjonen minna oss om den gamle tradisjonen med å ha ei bøsse på bordet og legge på litt kvar dag for slik å samle pengar til Kirkens Nødhjelp. Det er truleg ikkje så mange som held på den tradisjonen lenger, mellom anna fordi vi har færre kontantar på oss no. Så får vi i staden VIPPSe litt når bøssene skal samlast inn.

Her kan du sjå heile programmet for sendinga i kveld:

Tysdagssending i Valle Radio 20190319