Menighetsblad

Share

Eg såg ein eller annan stad at Vegleiaren ikkje lenger kom ut, ein hadde ikkje folk til å ha det ansvaret. Det er jo trist, for Vegleiaren og andre slike menighetsblad vert lesne ganske grundig. Ein ting er lister med gudstenester framover, dei kan ein jo finne i avisa. Men slike lokale blad samlar også annan informasjon som er verd å få med seg.

Denne veka kom På kirkebakken, som er menighetsbladet her i Mandal. Her finn ein interssante artiklar om folk i kyrkjelyden både i historisk tid og no. Så eg vart sitjande og lese frå perm til perm om arbeidet med nytt kirkesenter, fasteaksjon og anna aktivitet som kyrkjelyden har.

No har kyrkjelydane i Øvre Setesdal, som jo er området Vegleiaren dekka, problem i og med at prestetenesta er basert på vikarar. Ein får jo ikkje kontinuitet på den måten. Å få ein fast prest, som også kan inspirere til å lage menighetsblad, bør jo vere første prioritet. I dagens avis ser eg at prost Gunnar Ellingsen jobbar med saka, og det er jo han som har det formelle ansvaret. Men alle gode krefter bør setjast inn både i bøn og anna arbeid for å finne ei løysing. Det kyrkjelege arbeidet i Bykle og Valle lid under mangel på folk anten dei er frivillige eller profesjonelle. No står også val på sokneråd for døra. Utan Vegleiaren får ein jo ikkje presentert arbeidet og folka som stiller til val. Så det er mange grunnar til å prøve å få i gang utgjeving av Vegleiaren att.