Rydding gav artikkel

Share

I eit forsøk på å rydde litt i gamle papir, dukka det opp ein rapport frå Ungdomsprosjektet 2005. Det var VAFA som hadde dette prosjektet og eg hugsar at eg hadde Torjus Uppstad på besøk i Valle Radio for å fortelje om dette. I samband med dette må eg ha fått både rapporten og andre papir som handla om VAFA sitt arbeid.

Dette var jo lenge sidan, lenge før Setesdalswiki var påtenkt, men likevel hadde eg teke vare på papira. I rapporten var det informasjon om vatn som det var blitt fiska i. og dermed fann eg stoff som etter kvart kan kome med i artiklar om dei aktuelle vatna. Vi har jo som mål å få artiklar om alt mogleg, og vatn i Valle er alt ein kategori. Oftast blir det bare litt informasjon som seier noko om kor vatnet ligg, kan hende kor høgt over havet, men her er det jo meir stoff. Så det blir moro å få det på plass etter kvart.

Men først må eg få orden på vatnet i skrotten min. Det blir sagt at mennesket består av 90 prosent vatn eller noko slikt. A-magasinet hadde ein artikkel for nokre veker sidan der det stod at vi hadde 54 ulike kroppsvæsker. For tida er det ein overproduksjon av snørr, det er så eg ikkje torer bøye meg fram over tastaturet i frykt for at det skal drype. Så dagen i dag har eg halde senga det meste av tida, dei seier at ein kan sove det av seg. Så no prøver eg att. God natt!