Regional utvikling

Share

Komande onsdag skal eg ha med meg James Karlsen i Valle Radio. Vi skal snakke om regional utvikling. Det er eit tema som eg lurer på, og James veit truleg svaret.

For å få til regional utvikling, må ein vite kva ein vil, tenkjer eg. Ein må ha eit mål og arbeide mot det. I vårt politiske system er det kan hende ikkje alltid like lett å bli samde om kva ein vil, dei politiske partia har sjølv i små kommunar, litt ulikt syn på kva dei vil og korleis dei skal kome til målet.

Ta til dømes folketalsutviklinga. Der sa Erna i nyårstalen at ein måtte gjere noko. Men kva skal ein gjere. Ein kan jo ikkje lage folk slik utan vidare, i alle fall vil det ta mange år og stor innsats før ein ser resultat av barnefødslar.

Så kan ein ta imot flykningar. No er det visst slutt på at kommunar med under 5000 menneske får ta imot flyktningar, så ingen kommunar i Setesdal når den grensa. Dermed får ein ikkje opp folketalet på den måten heller.

Det som fører til at folk flytter på seg, er som regel arbeid. Får du arbeid, flytter du til den staden jobben er, i alle fall etter kvart, det kan jo vere naudsynt med ein pendlarperiode. Difor trur eg at det viktigaste for folketalsutviklinga er arbeidsplassar.

Men dei kjem ikkje av seg sjølv. Det må finnast nokon som vil etablere arbeidsplassar. Då kan det bli regional utvikling.

Men eg lurer på om det er andre faktorar som spelar inn. Eg googla omgrepet litt, men det eg fann på den måten, var ikkje lett å bli klok på, så eg gleder meg til onsdag, då vil eg kanskje bli litt klokare.