Avbestilling

Share

Eg er medlem av Bokklubben, men huset er fullt av bøker, så når medlemsbladet kjem, er det bare ei påminning om avbestilling. Som oftast gjer eg det med det same, men av og til gløymer eg det, og då får eg ei hyggeleg overrasking på epost: Harald, boken er nå på vei til deg. Då er det for seint å avbestille.

Reidun er med i Hobbybokklubben. Dei har same opplegget, og i dag kom bladet med informasjon om ei strikkebok, Tradisjonsstrikk, trur eg det var.

-No har eg visst nok strikkebøker, sa ho. Truleg har ho rett, men eg meinte at vi kunne kaste nokre av mine bøker, slik at ho i alle fall fekk plass i bokhylla om ho ville ha den. Kva ho valde å gjere, veit eg ikkje.

Når ein er med i ein bokklubb, er truleg avbestilling det viktigaste ein må hugse på om ikkje bokhyllene skal bli overbelasta. Framleis har eg ikkje fått lese alle dei fem bøkene eg fekk til jol, det var store verk som det tek tid å kome gjennom. Men vona er der jo.

For jolegåvebøker kan jo ikkje avbestillast.

Men i vår har eg i staden bestilt bøker, og det burde eg nok vere flinkare til. Når eg finn ei bok eg treng, så kunne eg jo bestille den. Eg har gått lenge og lurt på om eg skulle skaffe meg boka om Setesdal Spelemannslag 50 år. Men til no har eg ikkje bestilt den. Eg har ikkje avbestilt den, den står på ønskelista, så om du har den og vil sende meg ein gave, vil eg kanskje ikkje trenge bestille den heller. Eg trur det står ein del om spelemenn i den, og det kunne vere godt for å få på plass fleire spelemenn i Setesdalswiki.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *