Bøker

Share

Dei siste åra har det ikkje blitt så mykje lesing av bøker på meg. Kvar dag ser eg i bokhyllene og tenkjer at den boka burde eg ta fram og lese. Men så kjem eg til datamaskinen og ser at det er trong for å skrive ein artikkel på Setesdalswiki, og då blir det å leite i aviser eller andre stader for å finne kjelder til ein ny artikkel. Så får boka stå i fred i hylla også den dagen.

I dag var søster mi og mannen på besøk. Jorunn fortalde om kva ho las og eg sat plutseleg der og ønskte at eg hadde hatt noko å fortelje, eg også. Om ei bok eg hadde lese og ei hending der som var verd å dele. Men eg hadde ingenting.

Så eg vart sitjande og tenkje at eg burde prioritere litt annleis framover og heller få lest litt, om så bare noko kort og enkelt. Så kan eg heller legge ut ei bokmelding på bloggen eller til og med på Setesdalswiki, om det høver slik.

Eg skulle jo også hatt fleire artiklar om cd-plater, det er framleis mange plater av artistar med relasjon til Setesdal som eg ikkje har fått med på Setesdalswiki. Men så må ein jo også få med hendingar, der burde ein også vore flinkare til å fylle på, slik at artikkelen om dagen i dag blir så fyldig som råd. Og så er det jo nok av raude lenker, til dømes om folk som står på vallistene til kommunestyra i dalen.

Så det er nok å halde på med i dagane som kjem. Om eg rekk å få lest ei bok i næraste framtid, lurer eg nok på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *