Eit drama

Share

Denne helga var vi vitne til eit drama med vellukka slutt. At eit cruiseskip med langt over tusen personar ombord kjem i havsnaud og treng evakuering skjer heldigvis ikkje kvar dag. Men etter ein vellukka redningsoperasjon er det jo grunn til å tenkje litt ekstra etter om kor ille det kunne ha gått.

Vi snakka med Sigmund på Valderøy i laurdag, og då sa han at i løpet av dagen hadde det vore heile spekteret av ver, snø, hagl, sludd, regn, overskya, sol. Men det hadde vore så mykje vind at dei hadde halde seg inne, og dei såg på båten mellom Ålesund og Valderøy at det var ruskut på havet.

Vi sat på fredelege Sørlandet, der det nok var litt vind, men for ingenting å rekne mot uveret på Vestlandet. Og så kunne vi sjå helikoptera der folk vart heiste opp, ein og ein. Då det vart mørkt, heldt dei likevel fram, og då vi vakna, var nesten 500 blitt heist opp, ein og ein. Å henge dinglande i wire i full storm under eit helikopter, det er ei oppleving for livet. Men utruleg nok, det gjekk godt til slutt. rett nok var det ein del som måtte på sjukehus etterpå, det skulle bare mangle. Men vi ser på tv at passasjerane er svært takknemlege og imponerte over innsatsen til både profesjonelle og frivillige i løpet av døgeret det heile føregjekk.

Det tankevekkjande i denne smanheng er jo at det også kunne skjedd ei slik ulukke langt mot nord, nokre av desse skipa går til Svalbard. Då hadde det ikkje vore så lett å kome til unnsetning. Heller ikkje hadde det vore eit så stort apparat til å ta imot dei som vart frakta til land. Så eg meiner nok at ein bør setje rammer for kor store båtar som kan gå i dei mest krevande farvatna. Men det er det andre enn meg som må bestemme.

Godt var det at det enda godt for alle involverte, trass alt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *