Ettertanke

Share

I går skreiv eg om regional utvikling. I dag kom eg til å sjå på tv-programmet Det umulige landet. det handla mellom anna om korleis varer vi skal kjøpe, må fraktast lange vegar med lastebil. Då vil mange meine at regional utvikling kan bare skje ved utbygging av vegar. Det har vore mantra i Setesdal det meste av den tida eg budde der. Og sanneleg har det blitt veg i vellinga, bokstaveleg tala.

Strekning etter strekning har blitt oppgradert, fiksa på, svingar har blitt retta ut og bakkar fått jamnare stigning. Kan hende hugsar nokon korleis vegen var frå Besteland til Langeid og vidare til Tveit. Å kjøre der no er ein leik i forhold til korleis det var før, og det same opplever nok dei som leverer varer til Valle når dei køyrer Flåstrondi og kjem forbi Sandnes og Kveste.

Så vegar er viktige for regional utvikling. Varer kjem lettare fram og kunder kjem lettare til butikkar. Dermed kan dei bu i større regionar og ikkje bare i sentrale strok. Framleis må ein halde trykket oppe på riksveg 9 slik at vegen får gul stripe til Hovden og Haukeli.

Av andre faktorar som er viktige for regional utvikling kan ein kanskje nemne naturlege føresetnader. Grunnen til at Hovden veks og Bykle kyrkjebygd ikkje veks, er vel naturlege føresetnader som Hovden har for skiturisme. Dei ligg høgare enn Bykle og er meir snøsikre, og det er stor skilnad om ein samanliknar med Valle og stader lenger nede i dalen. Dei må finne andre lokale naturlege føresetnader. Og det må vere meir enn kommunale arbeidsplassar, for slike plassar er ikkje berekraftige, tenkjer eg. Det same gjeld Bygland. Dei har etablert selskapet Setesdal Vekst, men kva som kjem der, er det ikkje godt å seie.

På Evje hadde dei lenge Evjemoen som tung aktør i bygda. Men så vart den nedlagd, og då måtte dei finne si eiga form for å skape utvikling. Det vart handel, smått om senn er det bygd opp eit handelsmiljø som gjer at folk kjem frå heile regionen for å handle på Evje. Slik er dei med på regional utvikling. Handel og turisme er slik sett viktige faktorar for regional utvikling i Setesdal. Men det må meir til. Eg lurer på kva som kan kome i framtida.

 

Ein tanke om “Ettertanke”

  1. Har du ikkje gløymd å nemne den store utviklinga i Brokke, og kva som kan gå godt og galt? Øystein.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *