Bøker

Share

Dei siste åra har det ikkje blitt så mykje lesing av bøker på meg. Kvar dag ser eg i bokhyllene og tenkjer at den boka burde eg ta fram og lese. Men så kjem eg til datamaskinen og ser at det er trong for å skrive ein artikkel på Setesdalswiki, og då blir det å leite i aviser eller andre stader for å finne kjelder til ein ny artikkel. Så får boka stå i fred i hylla også den dagen.

I dag var søster mi og mannen på besøk. Jorunn fortalde om kva ho las og eg sat plutseleg der og ønskte at eg hadde hatt noko å fortelje, eg også. Om ei bok eg hadde lese og ei hending der som var verd å dele. Men eg hadde ingenting.

Så eg vart sitjande og tenkje at eg burde prioritere litt annleis framover og heller få lest litt, om så bare noko kort og enkelt. Så kan eg heller legge ut ei bokmelding på bloggen eller til og med på Setesdalswiki, om det høver slik.

Eg skulle jo også hatt fleire artiklar om cd-plater, det er framleis mange plater av artistar med relasjon til Setesdal som eg ikkje har fått med på Setesdalswiki. Men så må ein jo også få med hendingar, der burde ein også vore flinkare til å fylle på, slik at artikkelen om dagen i dag blir så fyldig som råd. Og så er det jo nok av raude lenker, til dømes om folk som står på vallistene til kommunestyra i dalen.

Så det er nok å halde på med i dagane som kjem. Om eg rekk å få lest ei bok i næraste framtid, lurer eg nok på.

Tvehendt

Share

I kveld var Ronnie O’Sullivan på snookersendinga. Han slo Mark Allen 6-0 og gjekk vidare til finalen i morgon.

I løpet av sendinga kommenterte Torstein Wik at Ronnie er tvehendt, det vil seie at han spelar like godt med høgre og venstre hand. Og så kom spørsmålet:

-Er det nokon som veit kor stor del av oss som er tvehendt?

Eg tenkte at eg kunne jo sjekke, så eg slo opp på Wikipedia. Der fann eg ordet i artikkelen om høyrehendt, den førte meg vidare til svensk artikkel og så vidare til engelsk:

Ambidexterity is the state of being equally adapted in the use of both the left and the right hand.[1][2]  (….)When referring to humans, it indicates that a person has no marked preference for the use of the right or left hand.

Only about one percent of people are naturally ambidextrous.

Ut frå dette gjekk eg på twitter og skreiv ei melding. Eg hadde knapt fått sendt den, så kunne eg høyre på Eurosport at Harald Haugland hadde sendt inn og fortalt at om lag ein prosent av befolkninga er tvehendt.

Positivt at det ein sender inn til ein kommentator blir brukt så fort!

For øvrig vil eg gratulere dei to som eg hadde med i Valle Radio onsdagskvelden, Eirik Verås Larsen og Gunn-Rita Dale Flesjå med vel gjennomført Sesilåmi. For Gunn-Rita var det første gong, og tida var svært akseptabel, om lag 4,5 timar.

Kva gjer eg?

Share

I dag fekk eg eit spørsmål:

Eg har fleire lange tekstar, over 100 sider, som eg har skrive sjølv. Kan eg legge dei ut på Wikipedia?

Svaret var nei, det kan du ikkje.

Grunnen til det er at Wikipedia er eit leksikon som baserer seg på stoff frå andre kjelder enn ein sjølv.

Men det har lenge vore eit behov for å kunne legge ut slike tekstar og difor har vi fått ein søsternettstad som heiter Wikibøker. Her ligg det nesten 900 tekstar som folk har skrive. Det er mest læreboktekstar. Men her kan ein legge ut ein lang tekst som ein har skrive sjølv. Når ein legg ut ein slik tekst på Wikibøker, gir ein frå seg rettane til teksten.

I tillegg er det ein søsternettstad som heiter Wikikilden, der kan ein legge ut bøker som er blitt frie. Det vil seie at forfattaren har vore død i over 70 år. Der er det nesten 5000 titlar. Du kan klikke på lenka over og sjølv sjå om det er titlar av interesse.

Sjølv har eg nok bøker der forfattaren har vore død i over 70 år. Men det er ein stor jobb å skrive av ei bok, så eg tvilar på at eg kjem til å gå i gang med det. Kan hende kunne eg skanne ei bok og slik sleppe all tastinga, men erfaringa mi med skanning er at det blir mykje korrekturlesing etterpå.

Setesdalswiki er ikkje så spesialisert som dei store wikiane, så om du har ein lang tekst du gjerne vil legge ut, og den er relatert til Setesdal, så går det sikkert greitt. Det fine med tekstar i Wikiformat er jo at ein kan lage interne lenker til andre artiklar og slik gje lesaren ekstra informasjon. Tekstane av Hallvard Eldhuset som vi har fått nyleg, har mange internlenker til andre artiklar. Slikt er jo ikkje mogleg i papiraviser. Truleg burde det vore endå fleire, for det er mange folk og stader som kunne vore lenka, men som ikkje er det enno.

 

Basar

Share

-Er det flest basarar om våren eller om hausten?

Spørsmålet kom frå rådmann Aud Sunniva Fuhr i halvtimen hennar i studio i går kveld.

-Eg hadde tenkt at det er flest om hausten, for då er det julemesser over heile dalen, svarte eg.

Men det har jo og vore tradisjon med 3. dagsbasarar i Valle. Om denne tradisjonen held seg, er eg litt usikker på.

I dag sat Reidun på Meny i Mandal i tre timar for å skrive lodd til ein basar til inntekt for det nye kyrkjesenteret her i byen. Då ho kom heim i kveldinga, var ho helst litt frustrert, for ho sat i tre timar og selde lodd for vel fem hundre kroner.

Folk går forbi, dei har ikkje kontantar. Men kjentfolk stoppar og tek lodd, men det er ikkje så mange kjentfolk som kjem forbi ein torsdag ettermiddag. Dermed går salget tregt.

Ei lita oppmuntring var det likevel:

-Eg har site slik som du, eg veit kor tregt det kan vere, så her har du nokre kroner. Ho som sa det var ikkje kjentfolk.

Hennar eksempel fekk meg til å skrive denne bloggen i kveld. Eg vil gjerne oppfordre dykk som går forbi når folk sit og sel lodd, bruk nokre kroner på å støtte lokalt frivillig arbeid til beste for eit godt formål.

I våre dagar må ein helst ha vipps for å følgje med i det kontantlause samfunn. Og då må også loddseljarane ha vipps, og har dei det, så kan ein jo ikkje skulde på at ein ikkje har kontantar. Men uansett, støtt ein god sak når du er innom butikken og møter ein loddseljar som gjev av tida si for eit godt formål.

Bak kulissane

Share

Til kveldens sending i Valle Radio med meg som ansvarleg frå Mandal, vart det gjort nokre grep som ikkje kom fram i sendinga. Difor skal eg ta deg med bak kulissane.

Det starta i går, plutseleg fekk eg ein Skype-samtale frå Jørund Georg Jore. Han ville teste ut om vi kunne bruke Skype i staden for telefon til sendinga. Ikkje bare skulle han ha lyden, nei, han ville også at eg skulle sjå Aud Sunniva Fuhr som skulle vere i studio i Kommunen informerer og at ho kunne sjå meg.

Eg skjøner ikkje alt han gjer, men han fiksa det slik at etter kvart kunne vi sjå kvarandre. Men i tillegg ville han at eg skulle nytte Skype i samtalane med dei andre eg skulle snakke med. Lyden var mykje betre med Skype enn med telefon. Så i dag fiksa han også det, så kveldens sending var i stor grad basert på Skype til meg, men telefon til Ørjan Ravndal, Eirik Verås Larsen, Gunn Rita Dahle Flesjå, Kristian Magnus Kyrvestad og Runar Granheim.

Eirik fortalde at han hadde gått Sesilåmi for 25 år sidan og at han i år hadde meldt seg på att. Han skulle reise med ein gjeng på om lag 15 personar frå Flekkefjord, mellom andre ein fetter som skulle gå for første gong, og som nok helst var grunnen til at han melde seg på i år att. Gunn Rita Dahle Flesjå var i Antwerpen då vi snakka saman, ho har hytte i Sirdal og meinte alle som hadde hytte der, burde gå turen. For henne var det første gong, og ho rekna med at ho neste år skulle sette ny personleg rekord, for då ville ho nok ha trent meir enn ho hadde gjort til årets renn.

Kristian Magnus Kyrvestad gjekk Vasaloppet for 4. gong i år og skulle gå Birken neste helg. Han hadde med seg Solveig Kyrvestad, men visste ikkje om andre frå Setesdal. Men eg fekk melding frå Leonhard Jansen om at Knut Erik Paulsen også gjekk Vasaloppet i år. Det hadde vore eit hardt løp denne gongen, for det snødde og var ikkje gode spor for dei som kom bak i køen. Men han er no kome seg fram i køen, då han starta for fire år siden var nummeret noko med 15000, men no er han på 5000-talet. Første langløpet han gjekk, var Sesilåmi, den hadde han gått to gonger. I Balestrand, der han bur og arbeider som vaktmeister på Sygna vgs, er det gode tilhøve for skigåing med eit flott anlegg drive på dugnad 600 moh.

Siste innslag var ein prat med Runar Granheim. Han tok ein pause i øvinga til Kong Hanes eftf. for å fortelje om Setesdalskonferansen 2019 og oppfordre folk til å melde seg på. Svært entusiastisk, eg trur mest at han gløymde at korsongarane sat og venta på han.

Halvannan time radio, i kveld var eg helst noko utlada då eg var ferdig. Men moro å få vere med på eit nytt kapittel i arbeidet i radioen, nå også med eksternt studio på Skype.

Nytt frå Bygland

Share

I kveldens sending i Valle Radio hadde Siri Johannessen med seg Leiv Rygg Langerak frå klokka 20. Han kunne fortelje nytt frå Bygland, mellom anna frå siste kommunestyremøte, der streaminga ikkje fungerte. Men det var fullt av folk til stades, for temaet var vindkraft og det var orienteringar frå Fred Olsen Renewables så vel som frå Naturvernforbundet. Men folkemøte hadde dei ikkje beramma, for det var ikkje noko å ha folkemøte om, først måtte ein eventuelt få eit prosjekt. Sjølv var både han og rådmannen ugilde i saka, så det var varaordføraren som håndterte dette frå kommunen si side.

Dei snakka også om politiske lister, og to av desse var ferdige, og så var H/V-lista under arbeid. Men han var glad for at det også var tale om ei fjerde liste, ei ny bygdeliste, for om det bare hadde blitt tre lister, syntest han det var lite. Likevel hadde han nok helst sett at det var reine politiske lister, for då hadde dei kontaktar til fylkespolitikk og rikspolitikk. Det har jo ikkje bygdelister.

Gamle gymsalen er no på det næraste ferdig renovert, så no er det lyst ut namnekonkurranse om kva bygget skal heite. Det er jo ikkje naturleg å kalle ein nyrenovert bygning for gamle gymsalen, så han vona på gode forslag. Og så venta han seg mykje av det nye prosjeket Setesdal Vest, som prøver å få til ny aktivitet i Bygland. Han var også oppteken av at Prestneset no var ferdig regulert til næring og bustader, men ville ikkje ha husflid eller anna som ikkje var næring der. Det er nok av andre plassar i Bygland for slikt, meinte han.

Etter den aktuelle timen, der også Sissa Ringstad var med og fortalde frå Kyrkja i Valle og Bykle, kom så Niklos K. Besteland med sitt Postludium, som denne gongen hadde musikk frå Petrikyrkja i Bremen med denne spelelista:

  1. Heinrich Schütz (1585-1672): Die mit Tränen säen. Motett for 5-stemmig kor SWV 378) og So fahr ich hin zu Jesu Christ )SWV 379). Himlische Cantorey. Barokkorkester i Fabiarmonic. Organist: Beate Wöllecke, dirigent Wolfgang Helbich
  2. Georg Philip Telemann (1681-1767): Komm, Heiliger Geist, Herre Gott. To orgelkoralar. Organist Wolfgang Baumgratz. Bachorgelet i Petrikyrkja i Bremen
  3. Georg Philip Telemann (1681-1767): Fantasi i D-dur. Allegro, Dolce og Allegro. Organist Wolfgang Baumgratz. Bachorgelet i Petrikyrkja i Bremen

Mykje godt i vente

Share

Du som er radiolyttar på Valle Radio har mykje godt i vente komande veke. I morgon er det Siri Johannessen som er ansvarleg og ho har dei faste postane for tysdagssendinga med kåseri av Asbjørn Kvalbein, andakt og sangtime. I den aktuelle timen har ho ein prat med Sissa Ringstad og Leiv Rygg Langerak, og så kjem Niklos med eit program frå Petrikyrja i Bremen. Sida til programmet ligg alt ute på Setesdalswiki. 

Onsdagskvelden skal eg ha ansvaret frå Mandal att. Eg er glad for å kunne vere med og sende denne informasjonen til Setesdølen i dag om programmet:

Sesilåmi, Vasaloppet og Setesdalskonferansen i Valle Radio

Onsdagskvelden blir det fokus å Sesilåmi i Valle Radio. Programleiar Harald Haugland vil ha ein prat med rennleiar Ørjan Ravndal. Han har også fått avtale med Eirik Verås Larsen, padlaren med fleire OL-medaljar, som skal gå i år, mange år etter at han gjekk turen for første gong som tenåring. Syklisten Gunn Rita Dahle Flesjå er også på tråden, ho og mannen Kenneh går turen for første gong.

I sendinga blir det også ei prat med Kristian Magnus Kyrvestad, som gjekk Vasaloppet for fjerde gong i år.
Endeleg kjem Runar Granheim med informasjon om Setesdalskonferansen 2019. Den er no open for påmelding til konferansen, som i år er før påske, onsdag og torsdag 10 og 11, april
I tillegg er det andakt ved Torfinn Brokke, rådmannen kjem for å fortelje frå kommunen og til slutt er det trist, vakker countrymusikk med Johs.

Avistroll

Share

I Fædrelandsvennen fredag var det ein interessant artikkel om avistroll for 200 år sidan. Det er arkivar Ragnar Tronstad på Statsarkivet i Kristiansand.

Det syner seg at avistroll, i dag ville vi kanskje heller kalla det nett-troll, ikkje er noko som kom med sosiale medier. Nei, i avisene for 200 år sidan var det mange eksempler på at ein kunne bruke sterke uttrykk. Det var til og med redaktør-godkjente tekstar, i dag er det jo mykje meir innlegg som ikkje har redaksjonell godkjenning, men som kjem i samband med at artiklar blir lagde ut på Facebook eller andre sosiale media.

Det var interessant å få eit slikt historisk perspektiv på dette. Ein kan elles ofte tru at alt var så mykje betre før. Redaktøren av Det norske Nationalblad, Hans Abel Hielm, vart til og med landsforvist for slikt. Rett nok vart dommen omgjort, men det må ha vore sterke uttrykk når ein kunne få ein så streng dom.

Mange oppsøker debattar på sosiale medier der det kan kome sterke uttrykk. Eg gjer ikkje det, eg held meg i mitt lille hjørne av Internett, jobbar med Setesdalswiki, skriv blogg,stort sett om program i Valle Radio, men av og til også om andre ting, og formidlar innlegg der til Setesdalswiki si facebookside. Det er sjeldan det kjem respons, men eg skjøner at mange les det eg skriv. Så får eg heller sjå det positive i at mine artiklar og innlegg ikkje er mat for nett-troll.

Planlegging

Share

Til onsdag er det min tur til å ha ansvaret for sendinga i Valle Radio. Dermed har tankar om kva eg skal ha med, surra i hovudet siste dagane.

I sendinga i går kveld snakka Ørnulf og Britta Lise med Ingvard Østerhus, som er aktiv i Radio Evje. Dei snakka om at det var ein del planlegging og arbeid for å gjennomføre ei sending.

Eg vil helst ha fire-fem innslag i den aktuelle timen. Timen mellom klokka 20 og 21 er Programleiarens time. Men eg brukar å lage ein aktuell time og då leitar eg rundt for å finne aktuelle saker. Det som står i Setesdølen kan jo fylgjast opp, men det kan også vere andre saker som kan gje grunn til eit innslag i lokalradioen.

Sjølv om eg på sett og vis ikkje lenger er programleiar, har det vore interessant å få høve til å lage program sjølv om eg sit i Mandal. Så får vi sjå kva som dukkar opp i dagane som kjem.

Om du har eit tips til ei sak eg kan ta opp, kan du kontakte meg på Facebook eller på epost til harhaugl@gmail.com

Hyggeleg fredagssending

Share

I kveld var det Ørnulf Hasla og Britta Lise Homme som hadde Opi sending i Valle Radio. Det vart tre hyggelege timar, eg måtte til å blogge før dei var ferdige.

Alle som kom inn, fekk radiokrus og ein minnepinne. Her er rebusane og innringarane:

1, Egen + flesk = sta-fett – Gyro Kopperud

  1. Biteredskap + ytre skall på korn + bekreftelse = tann-kli-nikk  -?
  2. Belgfrukt + ikkje natt = bønne-dag  – Solveig Katerås
  3. Ikkje spise + mat for reinsdyr + nr. 14 = faste-lav-n  – Sissel Helle
  4. Stad der insekt bur + smile = bol-le  – Elin Pedersen
  5. Elevgruppe + spørrekonkurranse = klasse-quiz  – Gunnar E. Helle

7.Tidsperiode + nr. 19 + samling = år-s-møte  – Tor Pedersen

  1. Storm eller kuling + skadedyr for klær + nr.5 = vind-mølle – Petter Hellum
  2. Årstid + reserveperson = sommar-vikar  – Ingvard Østerhus
  3. Dyrking + seier kua + nr. 14 + engelsk streng (på gitar) = kultur-mø-n-string  – Kenneth Strøm
  4. Sjå (bokmål) + snakke (bokmål) + løypa = Se-si-låmi – Sonja Helle
  5. Ikkje kvinne + personar + aftan = mann-folk-kveld – Ingvard Østerhus
  6. Gran, furu og bjørk + syne + ikkje kvinner = Tre Vise-menn – Anne Mari Bjørgum
  7. I omnen + dag midt i veka = aske-onsdag – Anne Grete Dalholt
  8.  Elveutløp + engelsk bil = Os-car – Kjell Katerås

I sendinga var det hyggelege samtalar, mange av innringarane var på hytter på Fjellestad, Reiårsvatn og Myklevatn, så det vart jo prat om hytteliv og det som høyrer til. Men elles fekk vi vite om rebustema og anna laust og fast som dukka opp, mellom anna at Britta Lise hadde ei slik google-dokke som ho kunne spørje om mange ting og få svar. Kan hende tok dei den med i studio neste gong for å høyre kva ho visste om innringarane? Ørnulf er jo og hekta på tekniske duppedittar, fortalde han, men hadde enno ikkje skaffa seg ei slik, så han lurte på korleis Britta Lise hadde kome på å få denne, og ho fortalde om det.

Premiane ville teknikar Siri ta med til Evje og Ose i morgon, så kunne vinnarane få dei alt denne helga.