Variert sending

Share

Kveldens sending i Valle Radio var variert. Tysdagssendingane har vekt på kristenliv og bygdeliv, onsdagssendingane på bygdeliv. I kveld var det som vanleg ein sangtime, denne gongen var det Country Gospel Timen med Per Govertsen. Det er eit program som vi ikkje nyttar oss av så ofte. For ein radio som sender døgnet rundt heile veka er det greitt å kunne gjere som Per Govertsen seier: Vi er tilbake neste veke til samme tid på din favorittkanal. Men for Valle Radio som bare har sending få timar ein gong i veka, ville det bli nokså stereotypt om dette programmet skulle gå kvar veke.

I kveld hadde Siri Johannessen fått tak i Per Govertsen og hadde ein prat med han. Der fortalde han at han jobbar som butikkslaktar og at han lagar programma som ein hobby ved sidan av jobben.

Vidare hadde ho ein prat med Torgeir Moseid, mannen som overtok redaktøransvaret for Setesdal og setesdølar frå 2019. I Setesdølen i dag fekk han mange godord for eit innhaldsrikt og godt redigert blad, og vi fekk høyre at han hadde vore ute for å få inn meir stoff, noko han hadde lukkast med, men det han fekk inn, hadde han brukt, så no var det bare å skrive meir for å ha noko til neste nummer om eit år. Sjølv skreiv han ikkje mykje, han redigerte bladet etter det eg skjøna.

Endeleg var det ein liten prat om UKM Aust-Agder, som skal vere til helga. Tonje Eikrem Jakobsen var entusiastisk framfor arrangementet, som fører til at 150 unge kjem til Valle på UKM.

Til slutt var Niklos på plass med eit reint orgelprogram med komponistar frå Italia. I samband med det skreiv eg ein artikkel på Setesdalswiki om den eine organisten der, Konrad Philipp Schuba, han er ein organist Niklos har mange plater med og som difor ofte er med i Valle Radio.

Du kan sjå programmet på Setesdalswiki:

Tysdagssending i Valle Radio 20190402