Kveldens sending

Share

Kveldens sending i Valle Radio fekk eg ikkje høyre. Som regel prøver eg å få med meg i alle fall litt, men det er ikkje alltid det høver slik.

Her er kveldens program:

Program tysdag 16.04.19
Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Birgit Skjevrak Skeie som fortel om luftkampen over Bygland i september 1941 (frå NRK/Nasjonalbiblioteket)
18.15 Over en åpen Bibel fra Norea med Rune Tobiassen
18.30 Sangtimen med Torleif Harstad
19.30 Siris time
– Svein Arne Tinnesand frå Nasjonalbiblioteket om Bokåret 2019
– Arna Berg frå Agder Historielag
20.30 Postludium med Niklos K Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Det meste av  dette programmet var sett opp 9. april, men då måtte sendinga gå ut av tekniske grunnar. Så det var fint at det kunne brukast denne kvelden. Og Niklos stiller opp når det trengst. Som oftast med musikk som høver til den tida i  kyrkjeåret ein er i.