Påskesending i Valle Radio

Share

I kveld var det første kvelden med påskesending i Valle Radio. Eg var innom og høyrde på i periodar og etter det eg kunne skjøne var det god respons på loddsal og rebusar.

Eg fekk ei utfordring om å lage stev om hovudsponsor Uppstad VVS. Dei kan du lese her:

Her kjem nokre stev

Vår påskesponsor er lett å finne
om han er ute, om han er inne
han svarar Uppstad og VVS
når du han ringer og du har stress.
Røyrleggermeister må alle have,
når krisa kjem er han gudegave.
Geir heiter Uppstad og VVS
og likar livet i kjeledress.
Dei fiksar alt som skal gå i røyr’e.
båd» dag og nott er dei ut» og køyre.
For svenn og lærling vil hjelpe deg,
og difor allstødt dei er på veg.
Om du vil fiks» ell» fornye badet,
då kan eg syne koss du kan ha det.
Ein tur til Rysstad når du har tid,
utstilling finn du ved Riksveg 9.
Den dyre straumen, den kan du spare,
ei varmepumpe kan lenge vare.
Befaring gratis, vi ser det an,
så gjer vi jobben ein meister kan.
Lekkasje får vi når minst det passar,
båd» nott og dag og på på alle plassar.
Vi stiller opp for å hjelpe deg
når vatnet fløymer på ville veg.
Om du vil ha noko avansera,
då vil eg dassen min avertera.
Den spyler framme, den spyler bak,
med luft som tørk er det ingen sak.