Takk for gratulasjonar

Share

Takk for alle gratulasjonar i samband med at Setesdalswiki var ti år i dag. Eg spurde nokre av dei som gratulerte om bruken, og svara syner at nettstaden blir brukt. Statistikken synder det også, i april har snitt for besøk vore over 600 dagleg til no. Det er høgast så langt i år.

Eg hadde tenkt å bruke dagen til å lage fleire artiklar om dei som står på dei politiske listene til hausten. Men så mista eg Internett ein periode, vi hadde straumstans og det tok si tid før det kom opp att, så det vart skralt med redigeringar i dag.

Eg har altså tenkt å få på plass artiklar om dei som står på listene til kommunevalet til hausten. Om ikkje artiklane blir så omfattande, vonar eg å i det minste få med fødselsår og bustad, og så får vi utvide etter kvart som vi får meir informasjon. Det er noko av det fine med ein wiki, vegen blir til medan ein går og artiklane kan vekse med tida.

Enno er det vel også politiske lister eg ikkje har fått på plass, men det vil nok også rette seg, for fristen for å levere lister er no ute, og dermed blir dei også lagde ut på kommunane sine sider. Eg vonar at våre artiklar kan utfylle det som står der i og med at dei vonleg får meir informasjon, kan hende til og med bilde.