Spisekroken 7 år

Share

I morgon skal Spisekroken feire at det er sju år sidan Heidi Ose starta bakeriutsalet lengst nord i handlegata på Evje. Då kan det vel høve med eit stev:

Hei, kom nå innom på Spisekroken,
der Heidi Ose held oppe koken.
Her får du påsmurt og mykje godt,
ein kopp med kaffi og smil så flott.

Då eg farta opp og ned dalen, stakk eg ofte innom Spisekroken og fekk meg eit kyllingsmørbrød til bilturen og eit par Napolenoskakestykke til fredagskaffe heime i Mandal.  Alltid fekk eg eit smil med på kjøpet.

Sjøv om eg har slutta å handle der, ser det ut til at dei klarar seg godt etter det eg kunne lese i Setesdølen sist veke. Så eg gratulerer med 7-årsdagen.