Ein bil til besvær

Share

-Har du fått bilen heim att?

Det var vel eit naturleg spørsmål etter at han fekk motorfusk og måtte setjast på verkstad i Sannidal 3. påskedag.

Svaret er at det har eg ikkje.

I dag klokka 8.40 reiste vi for å hente den. Klokka 11 var vi i Sannidal og fekk bilen, fiksa og ferdig. Hyggelege og vennlege folk på verkstaden fortalde at det var feil på dyse nr. 4, ein feil som ikkje var uvanleg, men som gjerne kom innanfor garantitida. Dessverre var garantien på min bil gått ut, han er seks år gammal. Dermed måtte eg betale sjølv. Det var bare to timars arbeid, men elektronikk er dyrt, så rekninga var på ti store.

Smilande og fornøgd la vi på heimveg. Vi stoppa på Heimat på Brokelandsheia, eg fekk meg en sjåførtallerken og vart stappmett, det same vart Reidun av ein rekesalat.

Eg var så mett at eg tenkte eg ville ta ein liten lur før eg drog vidare, men Reidun var ivrig etter å kome seg heim, kan hende kunne ho rekke noko i hagen i det fine veret, så ho drog med det same.

Mett og glad gjekk så turen sørover på vegen som etter kvart skal bli oppgradert ganske kraftig, men den opnar ikkje før 2. juli, så det var svingar og redusert fartsgrense nedover i sola. Frå Arendal er jo vegen betre, så då kunne eg speeda opp litt.

Men mellom Grimstad og Lillesand tok bilen til å fuske att. For å gjere ei lang historie litt kortare: eg blinka meg med nødlys mot Kristiansand etter å ha funne ut at det var eitnCitroen.verkstad i Sørlandsparken. Men det fann eg ikkje ut før etter eg hadde passert avkjøringa ved Dyreparken, så eg måtte ned i Kjevik-krysset.

Truleg samla det seg nokre sinte sjåførar bak mi nødblinkande ferd opp Barstølvegen. Å finne Abrahamsen Auto var ikkje heilt enkelt, men ved 15.30-tida kom eg inn i butikken. Då tok akkurat mekanikarane kvelden, men ein av dei ofra seg og tok inn bilen for analyse.

No var det feil på dyse nr. 2. Dei hadde ikkje ny dyse på lager, så eg måtte setje bilen att, kunne ikkje kjøre vidare, var heldig som hadde kome så langt utan Viking-hjelp.

Så var det bare å ringe Reidun:

-Kan du hente meg i Sørlandsparken?

Halvannan time seinare dukka ho opp. Om bilen var til besvær, så var eg heldig med veret der eg sat på ein benk utanfor ein stengd bilbutikk.

Men no står i alle fall bilen nærare.