Antikvarisk bok

Share

Tidlegare har eg etterlyst om nokon hadde lyst til å gje meg boka om Setesdal Spelemannslag 50 år. Det ville vere ei fin bok med tanke på artiklar om spelemenn på Setesdalswiki. Eg fekk ingen respons, men for ei tid tilbake kom det ein epost med tilbod på bøker frå Wangsmo Antikvariat i Trondheim der boka var å finne.

Etter å ha tenkt meg om litt, bestilte eg boka, og i dag kom den. Eg fekk henta den før post i butikk stengde for påsken, så no skal eg bruke litt tid på å bla i dette flotte bokverket i påskehelga. Boka kom ut i 1980, Det er snart 40 år sidan, så det er snart på tide for spelemannslaget å planlegge 100 års-boka. Og mykje har jo skjedd på åra som har gått, men laget lever i beste velgåande og planlegg Setesdalsfestivalen 2019 med besøk av latvisk dansegruppe, kunne vi lese i Setesdølen nylig. Det stykket førte til at eg laga ein sang.

Boka har mange flotte fargebilete som det er interessant å sjå. I tillegg er det svart/kvitt-bilete. Men det er jo det skrivne ordet som tel mest,  Over 400 sider til saman, det er råd å få inn ganske mykje fakta på den plassen. Og boka tek for seg tiår for tiår, for ikkje å seie år for år.

Sist i boka er det endåtil eit kapittel om sjølve jubileet og eit stykke om alt som skjedde då boka skulle prentast. Det var mange problem før storverket endeleg kom ut.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *