Bokåret 2019 i Valle Radio

Share

I den aktuelle timen i kveldens sending i Valle Radio var eit innslag sett opp slik: Bokåret 2019: Avdelingsleder for Sørlandet Irene Gressli Haugen fra Norsk Forfattersentrum. Hun leste to dikt, «Sjelemesse» av Steinar Opstad fra samlingen Å, høye dag (2013), og «Stemme en sommernatt» av Cecilie Løveid.

I samtalen kom Siri Johannessen og Irene Gressli Haugen inn på arrangement i Agder i samband med bokåret og det var tale om eit arrangement i Kristiansand og eit i Bygland. Truleg er det i Bygland i samband med Landeskogen Litteraturfest. Norsk Forfattersentrum jobbar for at forfattarar skal vere formidlarar ved å tilby  dei som opplesarar av eigne verk på litteraturkveldar.

I samtalen streka dei under at det er viktig å ikkje bare lese sjølv, men gjerne også å lese for andre.

Undervegs måtte eg tenke på barnebarnet mitt, Kristine. Ho fyller 16 år i dag og har vore ein lesehest frå ho var rimeleg lita. Ho gjekk laus på Harry Potter-bøkene i svært ung alder og har vel av og til tenkt at bøkene var betre jo tjukkare dei var, trur eg. Eg sender henne varme tankar i kveld og lurer på kva ho les no for tida og om det blir plass til lesing mellom øktene på i handballmål for Nit-Hak.

Eg snakka forresten med henne i kveld og sa at ho kunne slå to fluger i ein smekk, følgje med på kva morfar tenker og samstundes lese nynorsk på bloggen min, eg skriv jo som regel på nynorsk, og ein østlending må lese og helst skrive mykje nynorsk for å få god karakter i faget. Kan hende var ho bare høfleg mot ein gammal mann, men ho ville visst vurdere det.

Når det gjeld programmet i Valle Radio så var neste innslag med den svært så aktive pensjonisten Oddvar Høgevoll. Men då fekk vi besøk av naboen vår, så eg fekk ikkje med meg nok av det Astri Rysstad hadde å fortelje om Setesdal spelemannslag eller Niklos sitt fine program med orgelmusikk av Bach og Händel. Her er lenke til Setesdalswiki si side om programmet i kveld:

Tysdagssending i Valle Radio 20190430

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *