Dataspel frå Setesdal

Share

I kveldens sending var spennet vidt, frå helsesektoren kom folk som ville informere om helse relatert til demens, til spelutvikling av nynorsk dataspel. Her er programmet:

Program onsdag 10.04.19
Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
Telefonvakter Silje Bratteland og Ingunn Uppstad
19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med Solveig Kyrvestad, leiar Pleie og omsorg, lege Hallvard Mosdøl og sjukepleiar hukommelsesteamet i Setesdal Gerd Torhild Helle Aakhus 
20.00 Siris time
– Targeir Attestog, utviklar av verdas fyrste nynorske dataspel – med motiv frå Setesdal. Sjå: http://www.spelgarden.no/
– Egil Kvitne om brannfare
– Ørnulf Hasla på direkten frå Setesdalskonferansen.
21.00 Opi sending med Ronny Stavsholt. 

Egil Kvitne var på opptak for å minne om stor brannfare i Setesdal no, sjølv om det bare er på overflata, jorda er framleis fuktig. Men litt vind i gammalt gras spreier elden fort, så ein bør passe på.

I rapporten frå Setesdalskonferansen 2019 skrytte Ørnulf Hasla av innlegget til Ole Tom Nomeland, men dei hadde ikkje kome til utdeling av Setesdalsprisen då han var på lufta, så det var framleis ikkje kjent.

I opi sending hadde Ronny Stavsholt tema med fuglar.

Medan eg skreiv bloggen, sende eg melding til Ørnulf med spørsmål om Setesdalsprisen, og då kunne han fortelje at Tim Davis fekk prisen.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *