Feber

Share

Gårsdagen tok meg med feber og ein nase så tett at pusten stort sett måtte gå gjennom munnen.

-Du sov heile dagen, sa Reidun.

Og det var sant. Heldigvis er eg betre i dag, sjølv om også denne dagen har vore av det meir sovande slaget.

Når stoda er slik, blir det ikkje særleg mykje tekstproduksjon. Både Setesdalswiki og bloggen var stille frå mi side i går, Setesdalswiki blir nok heller ikkje særleg mykje oppdatert av meg i dag, om noko.

Men når eg har fått ridd av denne snotteria, så vonar eg å kome sterkare tilbake etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *