Litt av ein kveld

Share

I kveld vil eg først berømma våre to tekniske tusenkunstnarar i radioen, Jørund Georg og Ørnulf. Ettersom eg skulle ha sending frå Mandal, må dei jo rigge til slik at det blir kommunikasjon mellom oss. Klokka var bare litt over fem då dei starta, målet var å få Skype på PC-en min, ikkje bare på nettbrettet. Men di måtte gje opp etter mykje styr og ståk.

Så starta sendinga, først med Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke. han hadde arbeidsveke, så han hadde laga alt klart. Så var det min tur, og då skulle Skype kome til sin rett, mellom anna slik at eg kunne sjå Torunn Charlotte. Men dei gløymde å bytte vindu, så ho såg meg, men eg så ikkje hennar blide og engasjerte ansikt. I staden såg eg Spotifylista til Ørnulf med musikken han hadde. Plutseleg oppdaga eg at den eine sangen eg skulle ha, mangla. Då måtte eg ta ein telefon og snart var den på plass.

I kveld hadde eg med meg professor James Karlsen frå UiA. Han forskar på regional utvikling både i Norge og i Baskerland i Spania. Dit reiser han tre gonger i året og har gjort det i 10 år. Vi snakka om korleis dei jobbar med regional utvikling der, mellom anna med aksjonsforskning for å avdekke konflikter og finne måtar løyse dei eller å leve med dei på utan at det går ut over samarbeid og utvikling.

James Karlsen meinte at i i Norge var vi kan hende ikkje like flinke til å ta opp konflikter og finne modellar for samarbeid, dei blei kanskje like ofte lagde bort.

Så flytta vi oss heim til Setesdal og han fortalde om tankar han gjer seg når han kjører til fritidsbustaden på Hovden. Setesdal har to gode område for utvikling, vinterturisme på Hovden og handel på Evje. Dei slit nok meir i mellom desse stadene, og det er viktig at både offentlege og private samhandlar og har felles mål om det skal bli regional utvikling. Riksveg 9 har betydd mykje, men kva ein skal ha for å få utvikling langs vegen har det truleg blitt arbeidd mindre med. Det må bli meir tydeleg om vegen skal bli noko meir enn ein stad for å køyre forbi dei mange opplevingane ein kan få om ein stoppar. Heilårsveg over heia mot Stavanger ville også utvikla regionen med tanke på at fleire kanskje ville satse om kundegrunnlaget var større.

Vi var så vidt innom temaet bulyst. Kva er det som gjer at folk har lyst til å bu ein stad. Det kunne vi sikkert hatt ein halvtimes samtale om det også. Dessverre mått vi slutte mest før vi var komne i gang, vi hadde litt problem med telefonen i starten, så tida gjekk så alt for fort. Takk til James Karlsen for ein tankevekkande halvtime.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *