Litt av ein kveld

Share

I kveld vil eg først berømma våre to tekniske tusenkunstnarar i radioen, Jørund Georg og Ørnulf. Ettersom eg skulle ha sending frå Mandal, må dei jo rigge til slik at det blir kommunikasjon mellom oss. Klokka var bare litt over fem då dei starta, målet var å få Skype på PC-en min, ikkje bare på nettbrettet. Men di måtte gje opp etter mykje styr og ståk.

Så starta sendinga, først med Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke. han hadde arbeidsveke, så han hadde laga alt klart. Så var det min tur, og då skulle Skype kome til sin rett, mellom anna slik at eg kunne sjå Torunn Charlotte. Men dei gløymde å bytte vindu, så ho såg meg, men eg så ikkje hennar blide og engasjerte ansikt. I staden såg eg Spotifylista til Ørnulf med musikken han hadde. Plutseleg oppdaga eg at den eine sangen eg skulle ha, mangla. Då måtte eg ta ein telefon og snart var den på plass.

I kveld hadde eg med meg professor James Karlsen frå UiA. Han forskar på regional utvikling både i Norge og i Baskerland i Spania. Dit reiser han tre gonger i året og har gjort det i 10 år. Vi snakka om korleis dei jobbar med regional utvikling der, mellom anna med aksjonsforskning for å avdekke konflikter og finne måtar løyse dei eller å leve med dei på utan at det går ut over samarbeid og utvikling.

James Karlsen meinte at i i Norge var vi kan hende ikkje like flinke til å ta opp konflikter og finne modellar for samarbeid, dei blei kanskje like ofte lagde bort.

Så flytta vi oss heim til Setesdal og han fortalde om tankar han gjer seg når han kjører til fritidsbustaden på Hovden. Setesdal har to gode område for utvikling, vinterturisme på Hovden og handel på Evje. Dei slit nok meir i mellom desse stadene, og det er viktig at både offentlege og private samhandlar og har felles mål om det skal bli regional utvikling. Riksveg 9 har betydd mykje, men kva ein skal ha for å få utvikling langs vegen har det truleg blitt arbeidd mindre med. Det må bli meir tydeleg om vegen skal bli noko meir enn ein stad for å køyre forbi dei mange opplevingane ein kan få om ein stoppar. Heilårsveg over heia mot Stavanger ville også utvikla regionen med tanke på at fleire kanskje ville satse om kundegrunnlaget var større.

Vi var så vidt innom temaet bulyst. Kva er det som gjer at folk har lyst til å bu ein stad. Det kunne vi sikkert hatt ein halvtimes samtale om det også. Dessverre mått vi slutte mest før vi var komne i gang, vi hadde litt problem med telefonen i starten, så tida gjekk så alt for fort. Takk til James Karlsen for ein tankevekkande halvtime.

Variert sending

Share

Kveldens sending i Valle Radio var variert. Tysdagssendingane har vekt på kristenliv og bygdeliv, onsdagssendingane på bygdeliv. I kveld var det som vanleg ein sangtime, denne gongen var det Country Gospel Timen med Per Govertsen. Det er eit program som vi ikkje nyttar oss av så ofte. For ein radio som sender døgnet rundt heile veka er det greitt å kunne gjere som Per Govertsen seier: Vi er tilbake neste veke til samme tid på din favorittkanal. Men for Valle Radio som bare har sending få timar ein gong i veka, ville det bli nokså stereotypt om dette programmet skulle gå kvar veke.

I kveld hadde Siri Johannessen fått tak i Per Govertsen og hadde ein prat med han. Der fortalde han at han jobbar som butikkslaktar og at han lagar programma som ein hobby ved sidan av jobben.

Vidare hadde ho ein prat med Torgeir Moseid, mannen som overtok redaktøransvaret for Setesdal og setesdølar frå 2019. I Setesdølen i dag fekk han mange godord for eit innhaldsrikt og godt redigert blad, og vi fekk høyre at han hadde vore ute for å få inn meir stoff, noko han hadde lukkast med, men det han fekk inn, hadde han brukt, så no var det bare å skrive meir for å ha noko til neste nummer om eit år. Sjølv skreiv han ikkje mykje, han redigerte bladet etter det eg skjøna.

Endeleg var det ein liten prat om UKM Aust-Agder, som skal vere til helga. Tonje Eikrem Jakobsen var entusiastisk framfor arrangementet, som fører til at 150 unge kjem til Valle på UKM.

Til slutt var Niklos på plass med eit reint orgelprogram med komponistar frå Italia. I samband med det skreiv eg ein artikkel på Setesdalswiki om den eine organisten der, Konrad Philipp Schuba, han er ein organist Niklos har mange plater med og som difor ofte er med i Valle Radio.

Du kan sjå programmet på Setesdalswiki:

Tysdagssending i Valle Radio 20190402

Litt statistikk

Share

Så har vi starta ein ny månad, og då kan det kanskje vere nokon som lurer på om folk les på Setesdalswiki lenger.

Til det er å svare at også i mars var det mange innom. 8087 unike gjester er talet, 200 mindre enn i januar, men godt over februar.

Statistikken syner vidare at det var 14282 besøk, og 132452 sider som vart viste.

No går vi inn i jubileumsmånaden. Då skulle vi sjølvsagt slått på stortromma for leksikonet, vi fyller ti år denne månaden. Men det er etter påske, så vi får kome tilbake til det. Kan hende eg kan få Reidun til å bake ei kake til tiårsdagen?