Påskereisen

Share

I natt låg eg og funderte på eit dikt basert på eit oppslag i Setesdølen. Eg har hatt ein tanke om at fleire artiklar i avisa kunne danne grunnlag for små eller større dikt, og ville gjerne prøve det ut.

Men i staden vart det ein sosial kveld der vi kunne bryne oss på finurlege spørsmål i Påskereisen i Fævennen.  Etter kvart vart dei så finurlege at vi måtte ta ein pause, men noko fekk vi då til. Om vi klarer heile reisa er ikkje godt å seie.

Men så tok eg meg på tak og laga eit lite dikt om eit oppslag frå tysdagsavisa. Melodien er Håvard Hedde og basis er oppslaget om at ei latvisk dansegruppe skal kome til Setesdalsfestivalen. Dermed vart det ikkje bare påskereise, men også sommarreise i kveldens blogg:

Ei latvisk dansegruppe til Rysstad kome skal
på kappleik den skal danse, det kallast festival.
Quadrille dans det er,
den dansen dei har kjær.
Ei latvisk dansegruppe til Rysstad kome skal.

Kvadrilje heiter dansen dei danse skal i lag
og setesdølar sikkert har dansesko den dag.
I juli skal det skje
og neppe tungt å be.
Kvadrilje heiter dansen dei danse skal i lag.

Så skal dei diskutere og ha eit seminar.
UNESCO står på planen, der veit vi at dei har
ein søknad om musikk –
skal møte sunn kritikk.
Så skal dei diskutere og ha eit seminar.

Her kan du høyre musikken til ein slik dans:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *