Påskesending påskedag 2019

Share

I kveld var det siste påskesendinga i Valle radio. Det var same lest på på skjærtorsdag, men då var det Siri som hadde første timen. Her er programmet:

Program 1.påskedag 21.04.19
Teknikarar Jørund Georg Jore og Torleiv Soltun Haugen
Programleiarar Sondre Rua Dokken, Ørnulf Hasla, Rolf-Erik Homme og Britta Lise Homme.
19.00 Sondre oppsummerer påska i hop med kyndig personell
20.00 Radiobasar, rebusar, dialektkonkurranse, «Lyden», musikk, helsingar og trekking av radiobasar, med Ørnulf, Rolf-Erik og Britta Lise.

Sjølv var eg bare innom så vidt og  fekk høyre at det både gjekk bra med loddsalet og at folk var med på telefonen. Og gevinstlista var lang.

Etter det eg fekk med meg, stoppa loddsalet klokka 23.40. Så var det tid for å klargjere til trekninig. Truleg ville den starte ved midnatt. Torsdag heldt sendinga på til 01, det kan godt vere at dei ikkje er ferdige før den tid i kveld heller. Og så er det tid for å sende ut gåvekorta. Arbeidet er ikkje slutt med kveldens sending. Takk til alle som står på for å halde drifta av radioen i gang.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *