Sangglad jubilant

Share

I dag feira søster mi, Jorunn Moen i Lyngdal 70 år. Det skjedde i Austad grendehus og Austad kyrkje. Først med matøkt og sang frå Mads Berg, deretter med salmesang i kyrkja før vi tok turen tilbake til grendehuset for kyrkjekaffe og meir sang.

Truleg var det bibelgruppa ho og mannen er med i som tok kaka. Til melodien av Fader Jakob fekk vi vere med på å hylle jubilanten med ekkosang i svært mange vers. Jubelen stod helst i taket og det var ganske høgt under taket i grendehuset.

Kaker var det forresten mange av, for slekt og venner hadde teke med kaker frå halve Rogaland og Agder. Dermed kunne den pensjonerte organisten i Lyngdal invitere alle som kom på den opne sangkvelden med på kyrkjekaffe, og mange tok imot innbydinga.

Sjølv fekk eg ein hyggeleg prat med Vidar Lunden og kona Mia. Ho var rektor på Valle skule eit år, han var seks år på Hylestad. Dei fylgjer framleis godt med på det som skjer i Setesdal, Mia meinte at Vidar fekk stjerner i augo når han tenkte på tida i Valle og han var ikkje usamd med henne i at Setesdal hadde fått ein spesiell plass i hjarta etter desse åra.

Slike dagar møter ein slekt som ein sjeldan ser, så det var ekstra hyggeleg å treffe mitt søskenbarn Anne Amdal. Ho står i stormen som har vore rundt Flekkefjord sykehus, men denne kvelden kunne vi glede oss saman over varierte innslag frå jubilantens barn og barnebarn, dei er ein svært syngjande familie. Sangen runga i veggene då den eine etter den andre av songar frå Mads Berg si songbok kom på skjerm, mange av dei rakk vi bare eitt vers av, så festen kunne godt vart lenger, i alle fall om ein tenker på progaminnslag. Talar og gode ord var det også i hopetal, så vi var oppløfta då vi etter over seks timar saman tok på heimveg.

Takk for ein opplevingsrik dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *