Vegen blir til mens vi går

Share

I morgon er det ti år sidan eg etablerte Setesdalswiki. Grunnen til at eg gjorde det var ei utfordring eg fekk under Setesdalskonferansen det året. I ein samtale, den gongen var Setesdalskonferansen liten, eg trur det kan ha vore 30-40 personar der, vart det diskuter korleis ein kunne få større kjennskap til andre næringsdrivande i Setesdal. Kan hende kunne bedrifter samarbeide, men dei visste knapt om kvarandre.

Det var då eg kom med eit forslag om å lage ein wiki der alle kunne skrive og slik presentere seg og si bedrift. Konferanseleiaren utfordra meg til å lage ein slik nettstad, og resten er historie. I dag har Setesdalswiki 90627 artiklar, hundrevis artiklar frå kvar kommune i Setesdal om folk, firmaer, lag, organisasjonar, fjell og dalar.

Dermed er perspektivet sterkt utvida, men ein finn næringslivsstoff også, sjølv om det kanskje ikkje er mest synleg. Men vegen blir til medan ein går, og i løpet av desse åra har vi også fått med datoartiklar og dermed hendingar som skjer i Setesdal. Slik er vi blitt litt meir nettavis i tillegg til leksikon. På framsida vår finn du kvar dag nokre av dei mange hendingane som skjer i Setesdal den dagen.

Eg hadde jo håpa at næringslivsfolk skulle presentere si bedrift på Setesdalswiki, gjene med lenke til heimeside eller liknande. Det har ikkje lukkast, vi er få skribentar som har blitt med i dugnaden for å lage eit leksikon for Setesdal. Det er eit sakn, for når få skriv, får vi ikkje så mykje stoff som vi kunne fått om fleire skreiv.

I dag skal vi glede oss over det som er blitt skapt. Smått om senn, med nokre artiklar ein dag og andre ein annen dag har vi fått eit oppslagsverk som kan vere til hjelp for så vel næringsliv og kulturliv som menn og kvinner i regionen.

Gratulerer med dagen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *