Willy Steinskog

Share

I sendinga onsdag hadde eg med Willy Steinskog på telefonen frå Ålgård. Det er ikkje ofte andre enn meg frå Ålgård er med i Valle Radio, så det var ei glede å høyre dialekten.

Willy driv med ultraløp. Då spring han lange løp, gjerne i terrenget, men også gateløp. Han har sprunge på alle kontinent og står for fleire arrangement i Lysefjorden, både Lysefjorden Rundt, som har løpstid på 28 timar og Lysefjorden inn så vel som Flørlitrappene opp, det er 4444 trappetrinn opp og så ein runde i heia før ein kjem tilbake til utgangspunktet. Tru det, alle løpa denne sesongen er fullteikna, så ein lyttar frå Setesdal som ikkje alt har meldt seg på, kunne bare gløyme det sjølv etter god reklame i Valle Radio.

Men grunnen til at eg ringde han, var at han gjekk frå Sinnes til Furestøyl natta før han skulle gå Sesilåmi. Han brukte 7 timar om lag på turen austover, det var høveleg ver, men vind oglitt snøfall. Start frå Sinnes klokka 23, framme 06, då vart han teken vel imot av folk på rennkontoret, han skrytte veldig av mottakinga. Så var det ein kvil og ein tur ned for å kjøpe startnummer før han så starta på tilbaketuren som siste startande. Heimturen gjekk på om lag 6 timar.

Han hadde gått Sesilåmi seks gonger før, så han visste kva han la ut på, og hadde lenge tenkt på å ta turen på denne måten, men alt er jo annleis når ein går motsett veg. Etter turen hadde han fått fleire telefonar frå folk som gjerne kunne tenke seg å vere med på ein slik tur, så det var ikkje utenkeleg at han kom til å gjere det fleire gonger.

Og sekken på 12-15 kg fekk han sende med ein buss tilbake til Sinnes, så han slapp å dra med seg alt sikkerhetsutstyret han trong for ein nattleg aleinetur på ryggen tilbake til Sirdal.

Levande fortalt, spennande forteljing. Sendinga i går kveld var morosam å lage.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *