Ein spansk forfattar

Share

I dag var det ein artikkel om den spanske forfattaren Fernando Aramburu i Vårt Land. Han har vore i Oslo for å promotere omsettinga av boka frå 2016, på norsk kalla Fedreland.

Eit stort intervju og bokmelding gjorde at eg tenkte at det var grunlag for ein liten artikkel på Wikipedia. Det er ikkje så ofte eg skriv der no for tida, men i dag vart det då nokre linjer.

Boka handlar om forhold mellom folk i Spania, i artikkelen heiter det at landet knapt har vore i krig, men har hatt mange borgarkrigar. Det er særleg ETA, den baskiske frigeringsrørsla som har fokus i romanen, etter det eg kan forstå. På Wikipedia er heiter det at EU og USA ser på den som ei terrorrørsle.

Spørsmålet er om det er Spania eller Baskerland som er Fedrelandet med stor F. Kor ligg lojaliteten? Dette har blitt ei omfangsrik bok, ho blir omtalt som ein kollektivroman.

Sjølv om eg skriv mest på nynorsk her på bloggen, skriv eg på bokmåls-Wikipedia. Her er artikkelen:

Fernando Aramburu (født 1959 i San Sebastián er en spansk forfatter. Han er utdannet filolog og underviser i spansk språk i Tyskland siden 1985. Han har gitt ut en rekke romaner og blir sett på som en av de viktigste samtidsforfatterne av spansk litteratur. I 2019 kom romanen Fedreland på norsk, en roman om Baskerlands selvstendighet og hvordan kampen påvirker enkeltmennesker. Den er solgt til 22 land pr. 2019 og har solgt nærmere en million eksemplarer på spansk.

Meir frå Åraksbø

Share

I dag kom det ein ny artikkel på Setesdalswiki frå Åraksbø. Denne gongen var det ein artikkel frå Jol i Setesdal 1973 av Hallvard Eldhuset.

I introduksjonen skriv Knut Eldhuset dette:

PRÅMEN-163 år etter er ein artikkel som Hallvard Eldhuset skreiv i Jol i Setesdal 1973. Artikkelen skildrar då Tarjei Nordenå (1788-1808) rodde stein og leire på fjorden litt sør for Åraksbø. Pråmen med lasset var for tung og sokk og Tarjei drukna. I dag er det 210 år sidan det hende. Torbjørn G. Haugen oppdaga den gamle pråmen hausten 1972 då vasstanden i Åraksfjorden var lågare enn nokon gong. Eit supplement til artikkelen forklarer litt om ættene til dei personane som er nemde i artikkelen, litt om bygda, og gjev nokre glimt frå slåttonna på Nordenå rundt 1980.

Resten kan du lese i Pråmen – 163 år etter

Kaos

Share

Dei store utfartshelgene i mai lagar kaos på vegane på Austlandet. Vi har site i kveld og venta på Rønnaug og familien, dei ville ha helga her og reiste frå Nittedal ved 18-tida. Då skulle dei vere her om lag ved 23-tida, kan hende noko seinare om det var mykje trafikk.

Men då vi snakka med henne i 23-tida, var dei bare kome til Drammen, så då snudde dei og reiste heimover att. Dei hadde tenkt at om dei blei seine, kunne dei overnatte hos Margunn på Sandøya, men siste ferje dit går klokka 24, og dei ville ikkje rekke den. Så enden på den turen var seks timar i bil og så var dei tilbake til start.

Det skal ikkje mykje til før trafikken stoppar opp. Eit lite uhell, punktering eller noko slikt, så står halve Austlandet i kø. Om det var det som skjedde denne gongen, veit eg ikkje, men seks timar frå Nittedal til Drammen, det er ein kork av dimensjonar.

Vi vonar dei finn det bryet verd å ta ut att i morgon og ønskjer dei velkomne til Mandal då. Vonleg unngår dei problem i samband med sykkelrittet Tour of Norway som i morgon skal sykle til Kristiansand.

 

Variert tysdag

Share

Kveldens sending i Valle Radio var variert i innhald, men ikkje i kvalitet. Som vanleg starta det med kåseri og andakt,. Så kom Anna Slaby Slaby Driel i studio med musikk ho gjerne ville presentere. Musikaren i Valle kulturskule er sjølv ein dyktig musikar, det fekk vi høyre eksempel på. Og så likar ho jazz, det fekk vi også fleire eksempel på.

Klokka halv åtte var det tid for Kommunen informerer, eit program som jo er vanleg på onsdagane, men når det ikkje er onsdagssending, var det flott å høyre Torunn Charlotte Nyberg fortelje om aktuelle saker, mellom anna om saker som skal opp i kommunestyremøtet i morgon. Der vil det bli avgjort om Joker Valle får leige kjellaren i Valle kommunehus, mellom anna.

Samtalen med Torun varte så lenge at neste intervjuobjekt trudde han var gløymt. Livar Veggeland er regionleiar i NLM Sør. Det var første gongen han var i Valle Radio, men han var dagleg leiar i Gimlekollen Radio eit par år, så han visste kva det ville seie å vere på radio og var glad for lokalradio. Han fortalde både om seg sjølv og om regionkonferansen som organisasjonen hadde på Evjetun i helga. Der var det god oppslutning om både konsert, bibeltime og drøftingane i årsmøtet.

I kveldens Postludium presenterte Siri Johannessen musikk av Mozart på orgel. Det var velklingande og fint å høyre på.

I nyhetene frå NRK Sørlandet var ei av sakene at folk på Rysstad går med planar om å bygge stavkyrkje ved Setesdalsmuseet, dei tenkjer det vil verte ein turistattraksjon. Eit fem års perspektiv meinte Knut H. Rysstad ein kunne ha på dette. Han har JA-hatten på seg, så det blir spennande å sjå om han kan få til dette også. Stavkyrkja som i si tid stod på Bjrgum vart truleg bygd på 1100-talet og riven på 1600-talet, så det er lange perspektiv ein her har når ein no tenkjer å setje opp ei ny stavkyrkje.

Nytt hundretal

Share

I dag runda Setesdalswiki eit nytt hundretal med artiklar. Det tok si tid, over fem veker måtte til denne gongen. Det var ein datoartikkel som markerte 90700, så no er det bare knappe 300 att til eit nytt tusental.

Slik Setesdalswiki har utvikla seg, er datoartiklane blitt viktige. Der noterer vi hendingar når vi finn dei i avisa eller på Facebook. Denne gongen fann vi datoar for skyting i Årdal skytterlag og i Evje og Hornnes Jeger og Fiskarlag, respektive jegerprøve og leirdueskyting. Desse går frå no og utover til sommarferien og tek så til att i august.

Dersom skrivelysten held seg nokre dagar, håpar eg at det ikkje vil gå fem veker før vi når eit nytt hundretal på Setesdalswiki. Det går litt i bølger når det gjeld skrivelyst, men dei siste dagane har vore gode.

I dag funderte eg litt på om eg skulle skrive noko meir om setesdalsgenser. Det er jo utvikla nye modellar, Boa, Sokkeband, Plagg og Håvkrune. Dei er nokså eksklusive, for det er ikkje laga så veldig mange av dei, kan hende bare eit hundretals av kvar modell. Men mange synest dei er fine og skulle gjerne hatt ein slik genser. Det var ikkje så lett å finne noko informasjon, sjølv om Reidun nok har ei brosjyre ein eller annan plass. Så eg får sjå om eg finn noko etter kvart.

 

Meir humor

Share

Det var nokon som likte bloggen min med humor i går, så eg tenkte eg kunne fylle på med meir humor i dag. Difor leita eg litt på nettet etter boka som far skreiv, Muntre minner fra Fajansen. Helge la den ut, meiner eg å hugse, men eg fann den ikkje.

I staden fann eg ein lang artikkel om ein humorist i miljøet på Figgjo Fajanse, designeren Rolf Frøyland. Den var svært omfattande og gjekk gjennom mange av dekorane som Rolf utvikla gjennom sine mange år ved teiknebrettet der. Det vart også plass til ei lita historie frå matsalen, der folk ofte klaga på at maten hadde lite kjøt på kjøtdagane og lite fisk på fiskedagane. Ein dag var det ein som reiste seg opp og sa: De treng ikkje leite lenger i lapskausen, eg fann kjøtbiten.

Slik sett kunne vel bloggen vere ferdig for i kveld, men eg var også innom Normisjon sitt blad og fann ei ny soge i Kørners corner:

Regelmessige rier
Serine og Svend i Kopervik hadde etter hvert en stor barneflokk. Det var liv og røre i hjemmet fra morgen til kveld. Barna var høyt og lavt og var blitt født relativt tett.

Og nå vokste magen til Serine igjen. Avtalen var at Svend skulle ringe til sykehuset når riene ble regelmessige. Bilen stod klar. Bagen var pakket. Og svigermor var i beredskap. Og denne torsdagen kjente Serine det på seg at dagen var kommet.

I totida kommandert hun mannen til telefonen. Han slo nummeret til
sykehuset og forklarte saken så godt han kunne. Svend snublet
ofte i ordene. Men det var da han fikk spørsmålet om hvor ofte riene
kom at han svarte klokkeklart:
– Omtrent en gang i året!

Litt humor

Share

Når eg les aviser, er det sjeldan eg droppar teikneseriane. Men i Fævennen er dei lite å samle på for tida, så dei får bare eit raskt overblikk. I Vårt Land er dei betre, både Zits, Knøttene, Professoren og Barnas Planet har mange gullkorn.

Eg har mange gonger tenkt at ein skulle kunne omforme dei til gode historier der forteljande tekst skapte bileta. Men det er ikkje så lett å få til. Eg er imponert over teikneserieskaparane som klarar å kombinere teikning og tekst til humor.

Av og til kjem eg over gode historier også. I Normisjon sitt blad, dei har ei spalte som heiter Kørners Corner. Der kjem det godbitar ein ikkje finn andre stader. I nr. 3 for 2018 fann eg denne:

Sprudleik på Sør-Karmøy var blitt gammel og mett av dage. Nå var han sengeliggende og det minket på dagene.

Men mens han lå der og funderte over livet, så kom det snikende inn en herlig lukt fra kjøkkenet: det duftet nystekte småkaker! Det beste han visste.

Sprudleik mobiliserte det han hadde av krefter. Han kjente allerede hvordan det knaste mellom tenne av søte, sprø kaker mens han sjanglet ut mot kjøkkenet. Og der lå de; et helt brett av nystekte serinakaker.

Det løp vann i munnen på gamle Sprudleik. Han skulle akkurat putte den første kaka i munnen med si skjelvende, bleke hånd da han hørte kona sin kvasse stemme: – Du røre ikkje kakene! Dei skal me ha i begravelsen!

Meir om museet

Share

Sjølv var eg ikkje på opninga av utstillinga Spelsau og samspel på Setesdalsmuseet i dag, men det gjorde visst ikkje så mykje, for det var 120 personar som møtte opp. Det kunne Reidun fortelje då ho kom heim i kveld etter ein innhaldsrik dag i Setesdal.

Ho drog herifrå i 9-tida og stoppa på Evje for å handle hos Lars Kile, så eg fekk bonus då ho kom heim. Så gjekk turen til Valle, ho hadde med kofter til husfliden og kunne konstatere at dei hadde lite utval av setesdalsgensarar, så ho kunne visst bare halde fram med strikkinga.

Ettersom ho ikkje er så ofte i Valle, nytta ho høvet til å gå innom den nye coop-butikken før det var tid til å dra til Rysstad. Og der var det stinn brakke. Fleire helsingar og talar var det også før folk kunne sjå utstillinga og etterpå få seg suppe og lefse og marsipankake til dessert.

Framover er utstilinga open i museet si opningstid 10-15. Frå juni er det sommarope. Mange som er interesserte i strikking for tida bør benytte høvet til å sjå strikka plagg, ikkje bare gensarar, men strikka plagg til alle formål. Høve til karding og spinning var det også, og om ein hadde lyst til å prøve strikking, låg det til og med strikkepinnar framme som ein kunne nytte.

Spelsau og samspill

 

 

Setesdalsmuseet

Share

Fredag opnar ei utstilling på Setesdalsmuseet vigd til Annemor Sundbø sitt arbeid med tradisjonar innan tekstil. Der vil du finne utstillinga frå fillehaugen hennar, den ho fekk då ho kjøpte Torridal Tweed og fekk eit tonn med gamle strikkeplagg som skulle lagast shhoddy av. I staden tok ho til å forske på mønster og gav etter kvart ut fleire bøker om emnet.

Ei bok skal kome i vår, men ho blir ikkje ferdig til utstillinga opnar, så Randi Myrum, som var i Valle Radio i går kveld og fortalde om utstillinga, rekna med at det blei boklansering seinare, også den på Setesdalsmuseet.

Etter det eg fekk med meg, står utstillinga i det romet der det før var kraftverksutstilling. Den er teken ned, den har hatt si tid.

Opninga på Setesdalsmuseet er fredag klokka 14. Då kan alle kome innom for å sjå utstillinga, og som vanleg når det er utstillingsopning serverer museet suppe og lefse.

Uvêr

Share

I kveld var det slikt uvèr i Valle at då Niklos skule ta bussen for å kome i radioen, droppa han heile turen. Det lynte og tordna og regna, så han kunne ikkje bruke paraply, og å bli gjennomvåt før sending hadde han ikkje lyst til. Så då måtte Siri improvisere, og det var glitrande musikk ho hadde funne fram til erstatning for det Ludvig Nielsen-programmet Niklos hadde planlagt, Gloria av John Rutter.

I Kyrkjebakken-programmet fortalde Knut K. Homme om vandringa som Setesdal sogelag skal ha langs Kvinnåne i Homme laurdag. Han var ikkje klar over at det også er sykkelritt Kristiansand-Hovden den dagen og at det er mange trafikkrestriksjonar som folk må ta omsyn til om dei vil på vandring langs Kvinnåne.

Til slutt snakka Janne Johnsen frå Midt-Agder friluftsråd om møtet som skal vere på Sølvgarden om planane om Otra elvepark, eit friområde langs elva. Der kunne folk kome med innspel til aktuelle aktivitetar i tilknyning til elva.