I kveld fekk Setesdalswiki ein ny lang artikkel i serien av artiklar av Hallvard Eldhuset som son hans, Knut Eldhuset, har formidla til nettleksikonet. Eg har lyst til å trekkje fram artikkelen i kveld, den gjev grunn til ettertanke for dagens lesarar også.
Knut Eldhuset har utstyrt artkkelen med mange bilete og ei innleiing som gjev meirverdi for lesaren. Det er også lenker som syner til våre artiklar om nokre av dei stader og folk som er omtalte.
Dei gamle i Åraksbø var svært opptekne av heia aust mot Telemark. Alle artiklane vi har fått, syner dette.
Her er artiklane vi har fått til no:
- Då ungguten Knut omkom under høykøyring på heia. Artikkel Fædrelandsvennen, 1971
- Han døydde under Steinen. Artikkel Fædrelandsvennen, 1971
- Då Kjetil Borgi sat fast som fugl i snare. Artikkel Fædrelandsvennen, 1971
- Mannen som fall på slåtteteigen ved Austre Grunnevatn. Artikkel Fædrelandsvennen, 1971
- Ei overnatting ved Hovatn. Artikkel Fædrelandsvennen, 1971
- Tankar i fotspora hans bestefar. Artikkel Jol i Setesdal 1971, s 17-18
Setesdalswiki tek gjerne mot fleire artiklar både om livet i heia og i dalen om du som les dette skulle ha noko liggjande.