Tre dagar

Share

No har vi hatt tre dagar med fest, så det er vel snart på tide å finne fram vanleg mat og heller få seg grovt brød enn kake.

I dag kom mine søsken på besøk frå Sola, Varhaug og Lyngdal. Dei starta tidleg, så dei var hos oss alt ved 12-tida, mest før eg rakk å få opp flagget, då hadde vi kyllinggryte med ris og salat, velsmakande rettar som i alle fall eg set stor pris på.

Så gjekk praten og strikkepinnane om laust og fast i familie og slekt. Brit, som hadde bursdag i dag, delte eit par tekstar med oss, etter kvart vart det så fint ute at dei som ikkje var så redde for skarp luft fann seg til rette på verandaen og tok seg turar i hagen, han er jo ganske stor, og plenen var nyklipt, vi har ein nabogut som likar å tene nokre kroner på å hjelpe oss, det er rein velsigning for begge partar, trur eg.

Så var det Ole Bulls ostekake, kringle, bløtkake og sikkert andre kaker med, det går litt i surr når ein skal tenke tilbake, men godt var det alt saman. Og plutseleg var det tid for å å snu heimover att for dei tilreisande. Eg lova meg sjølv at eg skulle ta bilete denne gongen, eg hadde til og med nettbrettet oppe, men tykte det var dårleg lys, så eg ville vente litt, og så tenkte eg ikkje meir på det før dei var reiste, så det blei med tanken denne gongen også. Ingen andre kom seg visst heller til å ta fram kamera eller mobil, så minnet om dagen blir ikkje dekt av bilete, diverre.

Litt inspirert i kveld tok eg ei økt på Wikipedia, der har eg skrive lite i det siste, men oppdaga at gleda ved å skrive der ikkje var heilt borte, så eg trur eg skal skrive nokre fleire artiklar om salmer i Landstads salmebok om eg får gnisten.