Honda

Share

Gjennom livet har eg hatt mange bilar, men aldri japanske. Renault var min første og andre, så kom Ford i ulike variantar før eg fekk meg Citroen, det har eg vel hatt i minst ti år.

Men i dag gjekk eg over til Honda HR-V. Med åra har det blitt viktigare å finne ein bil som ein slepp å setje seg så langt ned i, ein blir gammal og stiv og støl, er det ikkje det det heiter i sangen.

Som eg har fortalt i ein blogg tidlegare, fekk eg problem med dyse nr. 4 og 2 på Citroenen. Eg kom meg til Mobile-verkstad i Sørlandsparken, og der forhandla dei også Honda. Dei tok min C5 i innbytte og plutseleg var eg altså eigar av Honda. I dag henta eg den, ein 2018-modell, så den var ikkje heilt sprellande ny, men hadde bare gått 11000 km, så eg trur det er ok.

Og så slepp eg å setje meg ned i den, eg kan setje meg inn i den. Eit anna pluss i høve til min gamle bil var at eg slepp å bøye nakken for å kome inn i den, det måtte eg i den gamle, for han var lågare i døropninga enn den Citroenen eg hadde før.

På desse åra har bilar utvikla seg svært mykje. Eg treng ikkje låse bilen, bare ta med nøkkelen, så låser den seg sjølv. Og ingen plass å stikke nøkkelen inn, startar ved å trykke på ein knapp. Lysa ordnar seg også autmagisk, så mykje er nytt og eg treng sikkert eit år på å finne ut av ting, men det går seg nok til. I alle fall var han fin å køyre då eg la vegen frå Sørlandsparken og heimover.