Variert tysdag

Share

Kveldens sending i Valle Radio var variert i innhald, men ikkje i kvalitet. Som vanleg starta det med kåseri og andakt,. Så kom Anna Slaby Slaby Driel i studio med musikk ho gjerne ville presentere. Musikaren i Valle kulturskule er sjølv ein dyktig musikar, det fekk vi høyre eksempel på. Og så likar ho jazz, det fekk vi også fleire eksempel på.

Klokka halv åtte var det tid for Kommunen informerer, eit program som jo er vanleg på onsdagane, men når det ikkje er onsdagssending, var det flott å høyre Torunn Charlotte Nyberg fortelje om aktuelle saker, mellom anna om saker som skal opp i kommunestyremøtet i morgon. Der vil det bli avgjort om Joker Valle får leige kjellaren i Valle kommunehus, mellom anna.

Samtalen med Torun varte så lenge at neste intervjuobjekt trudde han var gløymt. Livar Veggeland er regionleiar i NLM Sør. Det var første gongen han var i Valle Radio, men han var dagleg leiar i Gimlekollen Radio eit par år, så han visste kva det ville seie å vere på radio og var glad for lokalradio. Han fortalde både om seg sjølv og om regionkonferansen som organisasjonen hadde på Evjetun i helga. Der var det god oppslutning om både konsert, bibeltime og drøftingane i årsmøtet.

I kveldens Postludium presenterte Siri Johannessen musikk av Mozart på orgel. Det var velklingande og fint å høyre på.

I nyhetene frå NRK Sørlandet var ei av sakene at folk på Rysstad går med planar om å bygge stavkyrkje ved Setesdalsmuseet, dei tenkjer det vil verte ein turistattraksjon. Eit fem års perspektiv meinte Knut H. Rysstad ein kunne ha på dette. Han har JA-hatten på seg, så det blir spennande å sjå om han kan få til dette også. Stavkyrkja som i si tid stod på Bjrgum vart truleg bygd på 1100-talet og riven på 1600-talet, så det er lange perspektiv ein her har når ein no tenkjer å setje opp ei ny stavkyrkje.